Skudeneshavn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Skudeneshamn)
Skudeneshavn
stad
Foto: Sberla_
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Karmøy
Areal 2,55 km²
Folketal 3 332  (2023)
Folketettleik 1 307 / km²
Postnummer 4280 SKUDENESHAVN
Kart
Skudeneshavn
59°09′00″N 5°17′00″E / 59.15°N 5.28333333°E / 59.15; 5.28333333
Wikimedia Commons: Skudeneshavn

Skudeneshavn er ein by, tettstad og tidlegare kommune som ligg på sørspissen av øya Karmøy i Karmøy kommune i Rogaland fylke. Tettstaden har 3 332 innbyggjarar per 1. januar 2023. Trehusmiljøet i Skudeneshavn sentrum er rekna å vera veldig bra teke vare på.

Skudeneshavn kommune 1858 - 1965[endre | endre wikiteksten]

Skudeneshavn var frå 1837 del av Skudenes formannskapsdistrikt, men vart skilt ut som eigen kommune 10. februar 1858 og fekk status som ladestad. Skudeneshavn hadde då 1 209 innbyggjarar.[1]

1. januar 1965 vart Skudeneshavn slegen saman med Kopervik, Skudenes, Stangaland og Åkra, mesteparten av Avaldsnes og mesteparten av Torvastad til den nye Karmøy kommune.

Skudeneshavn hadde ved samanslåinga eit innbyggjartal på 1 275.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Skudeneshavn kommune frå 1865 til 1965:

1865[2] 1900[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1965[1]
1209 1193 1342 1198 1310 1326 1348 1275

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  2. 2,0 2,1 "Hjemmehørende folkemengde Rogaland 1801-1960 Arkivert 2007-08-08 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 7. oktober 2010
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Skudeneshavn 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]