Småmarimjelle
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Småmarimjelle | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Plantae | |
| Klasse: | Eudicotyledonae | |
| Orden: | Lamiales | |
| Familie: | Orobanchaceae | |
| Slekt: | Melampyrum | |
| Art: | M. sylvaticum | |
| Vitskapleg namn | ||
| Melampyrum sylvaticum | ||
Småmarimjelle er ei eittårig urt i snylterotfamilien med ei europeisk utbreiing. Arten har før vore rekna til maskeblomsterfamilien.
Planta er 15 cm høg med ein oftast lite greina stengel. Gullgul krone, 8 mm lang. Grann kronrøyr, ikkje lengre enn dei trekanta begertennene. Kapselen oftast med to frø. Blømer kring juli i skogen og langt opp på fjellet over heile Noreg. Funnen opp til 1350 m i Jotunheimen.
Kjelder [endre]
- Tysk wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.