Snauveronika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Snauveronika


Veronica serpyllifolia flower.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Lamiales
Familie: Scrohulariaceae
Slekt: Veronica Veronika
Art: V. serpyllifolia
Vitskapleg namn
Veronica serpyllifolia

Snauveronika (Veronica serpyllifolia er ei plante i maskeblomsterfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Snauveronika er om lag 15 cm høg. Stengelen er krypande med opprette skott, snaue eller korthåra. Lysgrøne snaue blad. Oftast rikblomstra klase med 4-5 mm breie blomstrar. Kvite eller bleikblå kronblad med mørke årer. Brei kapsel med tverr grunn, oftast kjertelhåra. Blømer kring juni. Snauveronika veks på fuktige grasgrodde stader og er vanleg gjennom det meste av landet, men sjeldan lengst i nord. Arten er funnen opp til 1225 m høgde på Hardangervidda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.