Socialistisk Folkeparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Socialistisk Folkeparti i Danmark blei danna i 1959, med folk som var ekskluderte (utestengde) frå det danske kommunistpartiet i brodden. Fremst av dei var mangeårig leiar i kommunistpartiet, Aksel Larsen. Dei ville ha eit dansk demokratisk sosialistparti som var heilt uavhengig av Sovjetunionen etter avsløringane av stalinismen og etter undertrykkinga i Ungarn i 1956. SF ville skape ein tredje veg, annleis enn både kommunisme og sosialdemokrati slik desse hadde utvikla seg.

SF har også teke opp i seg mange miljøforkjemparar, og reknar seg som eit raudgrønt parti.

SF har 14000 medlemer (hausten 2007). Ved siste valet i Danmark 15. september 2011 fekk SF 9,2 % av stemmene, og vart dermed femte størst. Partiet fekk 16 av 179 representantar i Folketinget.

Mangeårig leiar har vore Villy Søvndal, men han vart i 2012 avløyst av Annette Vilhelmsen.

SF er med i det nordiske venstrepartisamarbeidet Nordic Green Left Alliance.

Heimesidene til partiet finn du her: sf.dk