Soga om Fridtjov den frøkne
Soga om Fridtjov den frøkne (norrønt: Friðþjófs saga ins frækna) er ei islandsk fornaldersoge frå 1300-talet. Soga skildrar Fridtjofs kamp for å få gifta seg med Ingebjørg.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
Fridtjov den frøkne og kongsdattera Ingebjørg voks opp som fostersysken hos ein god bonde inne i Sogn med namnet Hildeng. Far til sogehelten var hersen Torstein Vikingsson, som budde på Framnes, i dag Vangsnes. Ingebjørg var dotter av Kong Bele, og søster til Helge og Halvdan. Bele og sønene synest ikkje at Fridtjov var god nok for Ingebjørg, og får sendt han utanlands. Ingebjørg blir gifta bort til den gamle kong Ring, for å hindre ein krig. Når Fridtjov omsider kjem heim til Noreg, går han i løynd i teneste hos kong Ring. Hans truskap til kongen vert løna når kongen døyr kort tid etter: Fridtjov arvar både riket og dronninga.
Teksthistorie [endre]
Ei modern framstilling av den islandske soga om Fridtjov den frøkne er Esaias Tegnèrs romantiske skildring i diktform frå 1820 - 1825. Utover 1800-talet blei boka svært populær i Skandinavia og Tyskland. Ho blei yndlingslektyren til tyske Keisar Wilhelm II som nærast identifiserte seg med helten i sagaen. Det blei sagt at høglesing frå boka var eit fast ritual om bord på keisarbåten Hohenzollern når keisaren var på reise. I 1858 omsette Ivar Aasens historia om Fridtjov den Frøkne til nynorsk. Ho blei prenta som tilleggshefte til bladet Folkevennen.
Musikalske tolkingar av Fridtjovsoga [endre]
Fridtjovsoga har gjennom tidene inspirert ei rekkje komponistar. Til dømes skreiv den tyske komponisten og dirigenten Max Bruch i 1864 ei kantate med tittelen Frithjof, Op.23 basert på Esaia Tegnér si gjendikting av sagaen. Heinrich Hofmann publiserte 1874 Frithjof-Sinfonie op. 22 som i ein periode var det mest spelte orkesterstykket i Tyskland. Ei nyare tolking av soga er musikken til Fridtjovspelet som hadde premiere i 2008 på Vangsnes. Musikken er skrive av Magne Rutle og omfattar stykke for orkester, kor og solistar. Musikken er også spelt inn på ein CD.
Statuen av Fridtjov den Frøkne [endre]
I 1913 reiste keisar Wilhelm II av Tyskland ei statue av Fridtjov den Frøkne på Vangsnes. Statuen er 10,5 meter høg, og på 12 meter høg sokkel strekkjer den seg 22,5 meter til vers. Statuen står i ein liten park med utsikt over Sognefjorden. Avdukinga av statuen føregjekk den 31. juli både med med Kong Haakon og den tyske keisaren til stades. Det var ein folkefest med truleg over 5000 tilskodarar. Det blei laga ei revyvise om statuen av Vilhelm Dybwad, som blei framført på Chat Noir i Oslo i 1913 og som ser kritisk på dimensjonane til statuen og keisar Wilhelm II.
Referansar [endre]
- Soga om Fridtjov den frøkne. Norrøne Bokverk. Det Norske Samlaget 1976
- Fridtjov den frøkne. Historia om statuen. av Arne Inge Sæbø. Vik lokalhistorisk arkiv 2001
- [1] NRK Fylkesarkivet vitja 10. februar 2008
- [2] NRK Fylkesarkivet vitja 10. februar 2008
Bakgrunnsstoff [endre]
- Friðþjófs saga ins frækna på norrønt
- heimskringla.no dansk fulltekst
- NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon Segna om Fridtjof