Vangsnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vangsnes
Geografi
Kommune Vik
Fylke Sogn og Fjordane
Annan informasjon
Ferdselsårer Stamvei 13.svg 
Postnummer 6894 VANGSNES
Preposisjon Vangsnes
Kart
Vangsnes is located in Sogn og Fjordane
61°9′36″N 6°38′32″EKoordinatar: 61°9′36″N 6°38′32″E

Vangsnes er ei bygd og eit kyrkjesokn i Vik kommune i Sogn og Fjordane fylke.

Garden Vangsnes har truleg namnet etter Vangsen 'plogskjeret', eit skjer i sjøen utanfor Vangsnes. I eldre tid var det tre klyngjetun på Vangsnes: Indreneset, Midtun og Ytreneset. Stølane til Vangsnes er Kallbakk, Kleivadalen, Endresete, Godstøl og Gjelet. Staden er mest kjend den store statuen av Fridtjof den frøkne, som keisar Wilhelm II av Tyskland fekk sett opp i 1913. [1]

Vangsnes sett frå Holmen i Balestrand.
Foto: Matt Sachtler
Fridtjof den frøkne.
(Max Unger)
Statue på Vangsnes
Foto: Nina Aldin Thune
Utsikt frå lia oppom Holmen i Balestrand. Vangsnes er neset som stikk ut i Sognefjorden frå høgre. Ferjene på fjorden er på veg mellom Vangsnes i Vik kommune, Hella i Leikanger og Dragsvik i Balestrand kommune.
Foto: Olivier Bruchez

Frå Vangsnes er det ferjesamband over til Hella og Dragsvik på nordsida av Sognefjorden.

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Då formannskapsdistrikta vart oppretta i 1837 høyrde Vangsnes sokn til Leikanger. I 1850 vart Balestrand oppretta ved at Leikanger vart deld og Vangsnes vart då del av den nyoppretta Balestrand kommune. Det neste, og til no siste, kommuneskiftet kom i 1964 då Vangsnes vart overførd til Vik.[2] Etter grenseendringane i 1964 gjekk kommunegrensene i dette området etter fjorden, slik at Balestrand kommune berre femde område på nordsida av Sognefjorden, og Vik kommune berre på sørsida.

Vangsnes sokn[endre | endre wikiteksten]

Vangsnes er eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti. Soknet har ei kyrkje, Vangsnes kyrkje frå 1861.[3] Den noverande kyrkja erstatta ei stavkyrkje frå 1100-talet.[4]

Vangsnes sokn høyrde fram til og med 1849 til Leikanger prestegjeld, då vart Tjugum sokn, Fjærland sokn (Mundal) og Vangsnes sokn skilde ut til det nye Balestrand prestegjeld. Ved kommunegrenseendringa i 1964 vart Vangsnes sokn overførd til Vik prestegjeld.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.