Songen Blue Velvet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blue Velvet
Singel av The Clovers
frå albumet Blue Velvet
Utgjeve 1954
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 2:33
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar) Bernie Wayne og Lee Morris
Blue Velvet
Singel av Bobby Vinton
frå albumet Blue on Blue
Utgjeve 1963
Sjanger Tradisjonell pop
Lengd 2:47
Selskap Epic
Låtskrivar(ar) Bernie Wayne og Lee Morris
Bobby Vinton-kronologi
«Blue on Blue»
(1963)
Blue Velvet «There! I've Said It Again»
(1964)
Blue Velvet
Song av
frå albumet Born to Die og Paradise
Utgjeve 20. september 2012
Sjanger Kammerpop, soul
Lengd 2:36
Selskap Interscope, Polydor, Universal
Låtskrivar(ar) Bernie Wayne, Lee Morris

«Blue Velvet» er ein popsong frå 1950, skriven av Bernie Wayne og Lee Morris. Han vart opphavleg spelt inn og framført av den tradisjonelle R&B-gruppa The Clovers, men mange andre artistar har òg spelg songen, som Tony Bennett, Bobby Vinton og Lana Del Rey. David Lynch skreiv og regisserte ein film med same namn. Rolling Stone kalla songen ein sorgfull studentball-hymne.[1] Den originale innspeligna til Bennett vart ein Topp 20-hit i USA, medan versjonen til Vinton nådde førsteplassen på Billboard Hot 100. Versjonen til Del Rey vart nytta i ein reklamekampanje for H&M og vart gjeven ut på den tredje EPen hennar Paradise. Reklamen vart filman i same americana-stil som filmen til Lynch, regissert av Johan Renck.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Songen vart opphavleg spelt inn av The Clovers for albumet deira med same namn.[2][3] Han kom ut i 1954 på Atlantic Records, og songen vart gjeven ut som singel på 12" vinyl.[3] Songen vart opphavleg spelt inn, produsert og gjeve ut då R&B-gruppa bestod av John «Buddy» Bailey (frontmann), Billy Mitchell, Matthew McQuater, Harold Lucas, Harold Winley, Bill Harris.[3] Sidan den gong slutta forskjellige medlemmar i bandet, døydde eller vart erstatta, sjølv om gruppa fortsette å framføre songen uansett kven som var med i bandet.
  • Den første konsertframføringa av songen vart gjort av songaren Ray Mason i 1950 på eit moteshow i Boston.[4]
  • Den første artisten som fekk ein hit med «Blue Velvet» var Tony Bennett, som i 1951 nådde 16. plass på Billboard Best Selling Pop Singles Chart (føregjengaren til Billboard Hot 100).[5]
  • Ein versjon frå 1955 av The Clovers nådde 14. plassen på Billboard Rhythm & Blues Charts.
  • Den mest populære innspelinga av songen vart gjort av Bobby Vinton, som nådde toppen av Billboard Hot 100 den 21. september 1963 og heldt førsteplassen i tre veker. I tillegg låg han åtte veker på toppen av den amerikanske Middle-Road-lista[5][6]. Singelen nådde ikkje lista i Storbritannia då han først kom ut, men ei nyutgjeving i 1990 gjekk heilt til andreplassen. Han nådde då òg 7. plass i Australia og 9. plass i Korea.
  • «Blue Velvet» vart gjeven ut på Trini Lopez-albumet The Love Album (1963), på¨Reprise Records.
  • Jimmy Velvit gav ut songen på singel midt i 1960-åra.
  • Jazz-saksofonisten og produsenten Houston Person spelte han inn to gonger, ein gong i ein orgelkvintettversjon med Joey DeFrancesco, gitarist Randy Johnston, trommeslagar Bertell Knox og perkusjonist Sammy Figueroa i 1991 for albumet The Party, og så eit tiår seinare for HighNote. Songen vart tittelsporet på albumet og vart framført med pianist Richard Wyands, bassist Ray Drummond og trommeslagar Grady Tate.
  • Barry Manilow spelte «Blue Velvet» i 2006 på albumet The Greatest Songs of the Sixties.
  • Den australske songaren Jason Donovan spelte inn songen for albumet Let It Be Me (2008).
  • Songaren Thomas Truax spelte ein versjon av songen i 2009 på albumet Songs from the Films of David Lynch.
  • Songaren Lana Del Rey spelte inn ein versjon for The Paradise Edition av debutalbumet hennar Born To Die i 2012, samt på EPen Paradise.[1]

Film[endre | endre wikiteksten]

«Blue Velvet» er ein av trette songar som vart nytta i den banebrytande eksperimentelle filmen Scorpio Rising (1964). Tony Bennett sin versjon av songen vart nytta i The Last Picture Show og Raging Bull, medan Bobby Vinton sin versjon vert mykje nytta i David Lynch-filmen Blue Velvet (1986). Filmen var delvis inspirert av teksten i songen, der Isabella Rossellini, som spelar songaren i filmen, òg syng songen i rolla si.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]