Lana Del Rey

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lana Del Rey
Lana Del Rey Cannes 2012.jpg
Del Rey på Filmfestivalen i Cannes i 2012
Verkeleg namn Elizabeth Woolridge Grant
Alias Lizzy Grant
Lana Del Ray
Lana Rey Del Mar
May Jailer
Sparkle Jump Rope Queen
Fødd 21. juni 1986 (28 år), New York City i USA
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Indiepop, alternativ, kammerpop, sadcore
Aktive år 2005 til i dag
Yrke Songar-låtskrivar, musikar, modell
Plateselskap Interscope, Polydor, Stranger
Nettstad www.lanadelrey.com

Elizabeth Woolridge Grant (fødd 21. juni 1986), betre kjend under scenenamnet Lana Del Rey, er ein amerikansk songar og låtskrivar. Del Rey byrja opphavleg å synge i klubbar i New York City då ho var 18 år og signerte den første platekontrakten sin då ho var 20 med 5 Points Records. Ho gav ut det det første digitale albumet sitt, Lana Del Ray a.k.a. Lizzy Grant i januar 2010. Del Rey kjøpte seg sjølv ut av kontrakten med 5 Points Records i april 2010 og signerte ein felles kontrakt med Interscope, Polydor og Stranger Records i oktober 2011. Debutsingelen hennar, «Video Games» kom ut i juni 2011 og ein musikkvideo laga av Del Rey sjølv for songen vart lagt ut på YouTube i august 2011. Etter at songen spreidde seg som eit virus på nettet med over 20 millionar visingar, vart det andre studioalbumet hennar, Born to Die, gjeve ut i januar 2012. Albumet selde opp mot 3 millionar eksemplar verda over og vart eit av dei bestseljande albuma i 2012. Albumet gjekk inn på listene mange stader i Europa og gav fleire store hittar som «Blue Jeans», «National Anthem», «Born to Die» og «Summertime Sadness». Den tredje EPen hennar, Paradise, kom ut i november 2012 både for seg sjølv og som eit dobbeltalbum i lag med Born to Die. Songane hennar og musikkvodeoane har vorte nominerte til feire prisar. Ho har vunne Q Award for Beste nykommar, ein BRIT Award for bsste internasjonale gjennomb rot og ein GQ Award for årets kvinne.

Musikken til Del Rey er kjend for den filmaktige stilen og referer til forskjellige sider ved popkulturen, særleg americana frå 1950- og 1960-åra. Ho har seg sjølv skildra seg som ein «sjølvdesigna Nancy Sinatra i gangsta-stil». Før ho signerte for eit større plateselska, laga ho musikkvideoane sine sjølv, og var inspirert av dei ho sjølv meinte var meistrar innan sjangeren, som Elvis Presley, Janis Joplin, Eminem og Britney Spears. Andre former for media som har inspirert musikken og videoane hennar er dikt og film noir. Ho signerte ein kontrakt med NEXT Model Management og var hausten og vinteren 2012 modell for H&M og har fronta ein reklame for luksusbilen Jaguar F-Type.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Lana Del Rey
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lana Del Rey