Songen Surfer Girl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Surfer Girl»
Singel av The Beach Boys
frå albumet Surfer Girl
Utgjeve 22. juli 1963
Innspelt 12. juni 1963
Sjanger Pop
Lengd 2:26
Selskap Capitol Records
Produsent Brian Wilson
The Beach Boys-kronologi
«Surfin' U.S.A»
(1963)
«Surfer Girl» «Be True to Your School»/«In My Room»
(1963)

«Surfer Girl» er ein song skriven og sunge av Brian Wilson for The Beach Boys. Han vart gjeven ut som singel og på albumet med same namn, Surfer Girl i 1963. B-sida til singelen var «Little Deuce Coupe». Singelen var den første Beach Boys-songen der Brian Wilson står oppført som produsent.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Songen er skriven av Brian Wilson og var ein av dei første han skreiv. Songen vert stundom rekna som ein hyllest til hans dåverande kjæraste Judy Bowles, men vart ikkje skriven til nokon særskild person. Songen har same taktart som «When You Wish upon a Star».

Wilson forklarte at han skreiv songen medan han køyrte bil. Han song songen inne i hovudet sitt, og då han kom heim skreiv han ferdig songen, sette harmoniane saman og kalla han «Surfer Girl».

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen spelte først inn songen ved World Pacific Studios den 8. februar 1962, som var første gongen bandet var i studio. Denne utgåva vart først gjeve ut mange år seinare.

Instrumentsporet og vokalen for den offisielle utgåva vart spelt inn ved Western Recorders den 12. juni 1963. Innspelinga vart produsert av Wilson, og i lag med «Little Deuce Coupe», var dette den første songen der han er tilskriven som produsent. Musikarane på songen er David Marks og Carl Wilson på gitar; Brian Wilson på bassgitar og Dennis Wilson på trommer. Songen vert sunge av gruppa - Mike Love, Carl & Dennis Wilson - med Brian Wilson på solovokal.

Singelen[endre | endre wikiteksten]

«Surfer Girl» vart gjeven ut som singel med «Little Deuce Coupe» på Capitol Records i USA den 22. juli 1963. Singelen nådde Billboard-lista den 3. august og Topp 40 17. august på 28. plass. Etter at singelen hadde vore seks veker på lista nådde han 7. plass den 14. september.

I Australia nådde singelen 8. plass i oktober 1963.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt songen er The Sentinals, Hollyridge Strings, The Fantastic Baggys, Little Joe Shaver & Devil Dog, Papa Doo Run Run, Phranc, Cathedral City Project, Pere Ubu, Don Grusin, Philip Aaberg & Scott Mathews, Fred Simon, John B. & The Surfin´ Safaris og Scott Cain.

Paul Simon spelte songen på ein hyllestkonsert til Brian Wilson i 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]