Songyuan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Songyuan (gul) i Jilin
Gågate i byen Songyuan

Songyuan (kinesisk skrift 松原, pinyin Sōngyuán) er eit byprefektur i provinsen Jilin i Kina. Prefekturet har eit areal på 20 159 km², folketalet er sist berekna til 2,9 millionar. Songyuan grensar i nord til provinsen Heilongjiang og i sørvest til Indre Mongolia.

Byprefekturet Songyuan omfattar eitt distrikt (区 ), tre fylke (县 xiàn) og eitt autonomt fylke.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Songyuan voks fram i byrjinga av 1900-talet, i åmotet mellom dei to elvane Songhua og Nen.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Eit av dei største oljefelta i Kina ligg i byprefekturet. Det vert dyrka mykje mais og gras her.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Songyuan er eit knutepunkt for samferdsla i denne delen av Nordaust-Kina. Fem jarnvegar går gjennom byprefekturet og seks nasjonale eller regionale hovudvegar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]