Sophus Kahrs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vidkun Quisling og seks norske frontkjempere, blant andre Arne Nilsen, Sophus Kahrs
Foto: RA/PA-1193/V/0001/Fra Riksarkivet

Sophus Buck Kahrs (28. mars 191818. november 1986)[1] var medlem i Nasjonal Samling, i Hirden, og var frontkjempar for Tyskland under andre verdskrigen. I perioden februar–mai 1945 var han sveitførar i Førargarden, den personlege vaktstyrken til Vidkun Quisling. Han vart tildelt Jernkrossen for innsatsen sin i SS-Skijæger Bataillon Norge i juli 1944 [2]. Etter krigen vart han dømt til 10 års tvangsarbeid og internert i Espeland fangeleir. Derfrå rømte han, og i lag med ti andre landssvikdømte flykta han til Sør-Amerika med båten «Solbris» i 1947. [3] I Brasil vart han halde igjen av styresmaktene i nesten eitt år før han fekk reise vidare til Buenos Aires i Argentina, der han vart buande livet ut.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. www.frontkjemper.info: «Sophus Buck Kahrs»
  2. www.feldgrau.com
  3. «Solbris» i Norsk krigsleksikon/NoregsLexi