Sosialistisk Ungdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sosialistisk Ungdom (SU) er ungdomsfylkinga til Sosialistisk Venstreparti. SU er ein revolusjonær sosialistisk og feministisk organisasjon som kjempar for eit sosialistisk folkestyre.

SU har lokallag i alle fylke og hovudkontor i Akersgata 35 i Oslo saman med SV.

Historie[endre | endre wikiteksten]

SU blei først stifta i januar 1975 då ungdomspartia til dei partia som danna SV gjekk saman. Organisasjonen blei likevel lagt ned 13. november 1981, på grunn av politisk usemje. Dagen etter blei han stifta på ny, mange av medlemmane var ikkje velkomne i den nye organisasjonen. Fleire av desse, i røynda eksluderte, stifta då Arbeidermaktgruppa.

I tillegg til kampen for sosialisme og feminisme har SU arbeidd mykje med spørsmål som miljø, antirasisme, og ungdomstilbod. Organisajsonen arbeider også mykje med internasjonal solidaritet, mellom anna i høve til Colombia og Palestina. Som ein del av solidaritetsarbeidet har organisasjonen markert seg sterkt på kritikk av USA sin utanrikspolitikk og Noregs haldning til denne.

Sosialistisk Ungdom har dei siste åra opplevd ein sterk vokster i medlemsmassen og i talet på lokallag[treng kjelde].

Sosialistisk Ungdom gir ut ungdomsmagasinet Rødt Press. Organisasjonen har også gitt ut fleire bøker. Dei viktigaste dei siste åra er «Du skal ta ledelsen og makta I og II», «Feminisjon» og ei eiga handbok for ungdomsaktivistar.

Leiarar i SU[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Politiske ungdomsparti i Noreg
Sosialistisk Ungdom Arbeidaranes Ungdomsfylking Senterungdommen Unge Venstre Kristeleg Folkepartis Ungdom Unge Høgre Framstegspartiet sin ungdom
Grøn Ungdom | Raud Ungdom | Norges Kommunistiske Ungdomsforbund | Liberalistisk Ungdom | Norsk Ungdom
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.