Kirsti Bergstø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kirsti Bergstø
Foto: Jarle Vines

Kirsti Bergstø (fødd 1. juli 1981) er ein norsk politikar (SV) og tidlegare statssekretær frå Nesseby kommune i Finnmark.

Ho var leiar av Sosialistisk Ungdom (SU) frå 2006 til 2008. Bergstø har røynsle frå Finnmark SU, og har vore politisk nestleiar i Elevorganisasjonen. Ho har sete seks åra i sentralstyret i SU, ein periode som ÒG-medlem, ein periode som fagleg leiar og ein periode som leiar.

Bergstø bur i Alta og var 1. kandidat i Finnmark for Sosialistisk Venstreparti ved Stortingsvalet 2009. Ho var statsekretær i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet,[1] men gjekk av frå denne stillinga 5. mars 2012 i kjølvatnet av at Audun Lysbakken gjekk av som statsråd.[2]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]