Unge Venstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Unge Venstre (Norges Unge Venstre) er ungdomspartiet til det politiske partiet Venstre, og vart stifta 27. januar 1909, med Anders Kirkhusmo som den første leiaren. Noverande leiar, sidan 2010, er Sveinung Rotevatn frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

Unge Venstres Formålsparagraf lyder: Norges Unge Venstre byggjer på den liberale ideologien. Organisasjonen arbeider for å fremma ein radikal politikk, tufta på ei liberal samfunnsforståing. Formålet er å samle oppslutning om organisasjonens idéar blant ungdom. Norges Unge Venstre er ein sjølvstendig ungdomsorganisasjon som samarbeider med Venstre.

Ungdom mellom 14 og 35 år kan bli medlemmer i Unge Venstre, forutsett at dei deler organisasjonen sitt politiske syn. Samarbeidet med Venstre er tett. Leiaren av Unge Venstre er automatisk med i sentralstyret i Venstre - dette gjeld på alle plan frå den nasjonale organisasjonen til fylkeslag og lokallag.

Politisk er Unge Venstre ein liberal organisasjon, som står for ein stor grad av personlig og økonomisk fridom for enkeltmennesket, men samtidig er tilhengjarar av offentleg utdanning og velferdsordningar. Miljøpolitikk har òg lenge vore eit viktig politikkområde for Unge Venstre.

Unge Venstre går i motsetning til moderpartiet Venstre inn for norsk medlemskap i EU, sidan landsmøtet i Bergen i 2000.

Unge Venstre er medlem av desse internasjonale organisasjonane

  • International federation of Liberal Youth (IFLRY)
  • European Liberal Youth (LYMEC)
  • Nordens Liberale og Radikale Ungdom (NLRU)

[endre] Formenn og leiarar i Unge Venstre

[endre] Bakgrunnsstoff


Politiske ungdomsparti i Noreg
Sosialistisk Ungdom Arbeidaranes Ungdomsfylking Senterungdommen Unge Venstre Kristeleg Folkepartis Ungdom Unge Høgre Framstegspartiet sin ungdom
Grøn Ungdom | Raud Ungdom | Norges Kommunistiske Ungdomsforbund | Liberalistisk Ungdom | Norsk Ungdom
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk