Srebrnosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Srebrnosjøen
Srebrnosjøen - Satellittbilete av Srebrnosjøen
Satellittbilete av Srebrnosjøen
Koordinatar 44°46′N 21°27′EKoordinatar: 44°46′N 21°27′E
Type innsjø kroksjø
Tilsig Donau
Utsig Donau
Tilknytte land Flag of Serbia.svg Serbia
Største lengde 14 km
Største breidde 300 m
Overflateareal 4 km²
Høgd over havet 70 m
Busetnadar Veliko Gradište, Biskuplje, Kisiljevo

Srebrnosjøen (serbisk Сребрно језеро) er ein kroksjø på høgre breidda av Donau i regionen Braničevo aust i Serbia, nær byen Veliko Gradište. Han er ein populær turistdestinasjon.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Srebrno er ein populær turistdestinasjon

Innsjøen ligg i den breie, låge Donaudalen med åsar på over 300 meter omkring. Den høgaste toppen er Goricaåsen på 362 meter over havet. Munningen til elva Pek ligg like sør for innsjøen. Mellomalderfestningane Ram og Golubac ligg nær innsjøen.

Srebrnosjøen er ein arm av Donau på den høgre breidda hennar. Elveøya (ada) Ostrovo ligg mellom hovudelvefaret og innsjøen. I begge endar av øya vart det bygd vegfyllingar i 1971.

Srebrnosjøen er forma som ein boge og er 14 km lang, opp til 300 meter brei og dekkjer eit område på 4 km². Han ligg 70 meter over havet og er opp til 8 meter djup. Vatneret er klårt på grunn av naturleg filtrerting av sanddyner langs innsjøen. Det er mykje fisk i sjøen, mellom anna graskarpe, karpe, malle, gjedde, åbor og andre ferskvassfisk.

Området har vore ein turistdestinasjon i mange tiår, men særleg dei siste åra har dette teke seg opp, trass i mangel på overnattingsplassar. Det er deriomt store planar om å gjere området om til ein feriestad. [1] Det er planlagt fleire hotell og fleire turistfasilitetar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Politika 28. juli 2007, s. 18


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]