St Peter Port

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå St. Peter Port)
Gå til: navigering, søk
St Peter Port
St Pierre Port
by
none
Areal 2,5 km²
Folketal 16 488 (2001)
GU spp.gif

St Peter Port er hovudstaden og den viktigaste hamnebyen på den britiske kanaløya Guernsey.

St Peter Port ligg ved ei naturleg hamn verna av sjølve Guernsey i vest og øyane Herm og Sark i aust. Hamna har vore i bruk sidan romersk tid. Seinare var hamna base for kaperfart og smugling. I dag tek ho imot passasjertrafikk og varegods, medan St Sampsons i nord hovudsakleg tek imot råvarer.

Bybildet er prega av bygningar i grå og kvit stein i tillegg til fargerikt måla rekkjehus. Castle Cornet frå 1200-talet, som no utgjer ein del av moloen ved St Peter Port, ligg på ei tidlegare tidvassøy. Elizabeth College på Guernsey blei grunnlagd i 1563 av Elisabeth I av England. Hovudbygningen frå 1826 er lett kjennbar i byhorisonten. I St Peter Port ligg også mellom anna Guernsey Museum & Art Gallery, eit maritimt museum, Guernsey Tapestry Gallery med eit biletteppe vigd kulturen til Guernsey, og Hauteville House, bustaden til Victor Hugo under eksilet hans på øya. Elles har ein handelsstader på ein marknad, ein arkade og handlegater.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: St Peter Port

Kjelder[endre | endre wikiteksten]