St Abb's Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°55′0″N 02°08′3″W

St. Abb's Head sett frå sør nær landsbyen St. Abbs
Neset sett frå nordvest, frå klippene oppfor Pettico Wick Bay.
St. Abb's Head fyr og tåkelur.

St. Abb's Head er eit nes ved landsbyen St. Abbs i Berwickshire i Scottish Borders. Det ligg på austkysten av Skottland

Fyr[endre | endre wikiteksten]

Det vart bygd ein signalstasjon på klippene i 1820 og anlegget vart delt av Trinity House og Her Majesty's Coastguard. Northern Lighthouse Board anbefelta å få bygd eit fyr på St. Abbs Head etter at «Martello» forliste ved Carr Rock i 1857. Fyret vart teikna og bygd av brørne David Stevenson og Thomas Stevenson og var synleg mellom Bell Rock og Isle of May. Fyret kom i teneste 24. februar 1862 og det vart i starten nytta olje til å halde lys i fyret. I 1906 gjekk ein over til glødepære som fekk lys gjennom oppvarming, og i 1966 vart fyret elektrifisert. I 1993 vart fyret automatisert. Ein tåkelur vart sett i drift ved fyret i 1876 og var det første av sitt slag i Skottland. Den opphavlege tåkeluren vart driven av dampmaskinar, før ein bytta ut med oljedrivne maskinar i 1911 og så dieselmotor i desember 1955. Ein slutta å bruke tåkeluren i 1987, men hornet er framleis på plass.[1][2]

Nasjonalt naturreservat[endre | endre wikiteksten]

Området rundt St. Abb's Head er eit nasjonalt naturreservat (NNR) styrt av National Trust for Scotland (NTS) i samarbeid med Scottish Natural Heritage. Meir enn 60 000 sjøfugl hekkar i klippeveggen ved neset. Dei vanlegaste fugleartane er krykkje og lomvi, men det finst òg mykje alke, toppskarv, gråmåse, havhest og lundefugl. I reservatet finst òg frodige grassletter og friske vatn.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen St. Abbs sett frå sørsida av St. Abb's Head.

Berre 500 meter søraust for fyret ligg Kirk Hill. På toppen av denne åsen står ruinane etter eit kloster frå 600-talet. Sankt Æbbe oppretta eit kloster her kring 643 i ruinane av eit eldre fort frå 500-talet. Både munkar og nonner heldt til i klosteret. Kort tid etter Æbbe døydde brann klosteret ned ved eit uhell og vart ikkje bygd opp att.

På nordsida av neset ligg Pettico Wick Bay som er ein laksvåg. Det vart oppretta ein fiskestasjon her i 1880 som varte til rundt 1950. Det vart òg bygd ein kai her for å sette i land forsyningar til fyret.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Northern Lighthouse Board.
  2. National Trust for Scotland om St. Abbs Head
  3. Royal Commission Ancient and Historical Monuments of Scotland.