Staur i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Big Flowerpot ved Flowerpot Island i Ontario i Canada

Staur eller rauk i geologi er ei landform som består av ei bratt og ofte vertikal steinsøyle eller fleire steinsøyler i sjøen nær ein kyst. Klippa har oppstått på grunn av erosjon.[1] Staurar oppstår gjennom kystnær geomorfologi, som er ein naturleg prosess. Tid, vind og sjø er dei einaste faktorane som dannar ein staur.[2] Dei oppstår når bølgjene hamrar på eit nes, trengjer inn i sprekker i berget og etter kvart får neset til bryta saman, slik at frittståande staurar, eller til og med små øyar, står att. Staurar kan òg oppstå på stader utan vatn når naturlege bogar fell saman grunna vinderosjon. Staurar er ofte viktige hekkestader for sjøfugl og mange er populære klatremål.

Staurar består ofte av horisontale lag med sedimentære eller vulkanske bergartar, særleg kalkstein.

Døme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Staur i geologi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Easterbrook, D.J. Surface Processes and Landforms, s. 442, Prentice Hall, Upper Saddle River, New Jersey, 1999.
  2. Sea stacks - britannica.com
  3. Geography and Geology, Lord Howe Island Tourism Association.