Helgoland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helgoland
Lokalt namn: deät Lun
Helgoland Vogelperspektive.jpg
Geografi


Stad Nordsjøen
Koordinatar 54°10′57″N 07°53′07″EKoordinatar: 54°10′57″N 07°53′07″E
Tal på øyar 2
Areal 4,2 km²
Administrasjon
Land Tyskland
Delstat
Landkreis
Schleswig-Holstein
Pinneberg
Demografi
Folketal 1 650 (2006)
Folketettleik 393 /km²

Helgoland (engelsk Heligoland; helgolandsk: deät Lun) er ei lita øygruppe utanfor kysten av Tyskland.

Øya har tidlegare vore ein del av både Danmark og Storbritannia og ligg i Helgolandbukta (ein del av Tyskebukta) søraust i Nordsjøen. Dei er dei einaste tyske øyane som ikkje ligg like i nærleiken av fastlandet, og båtturen frå Cuxhaven ved munningen av elva Elbe tar om lag 2 timar.

I tillegg til tysk snakkar den lokale busetnaden, som er etniske frisarar, ein helgolandsk dialekt av nordfrisisk språk kalla Halunder. Helgoland vart tidlegare kalla Heyligeland, eller «heilag land», sannsynlegvis på grunn av at øya var tilknytta guden Forsete.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Map helgoland 1910.jpg

Helgoland ligg 70 km frå den tyske kysten og består av to øyar: Den busette og trekanta hovudøya (Hauptinsel) i vest med eit areal på 1 km², og Düne («sandyne», helgolandsk: de Halem) i aust med eit areal på 0,7 km². Den sistnemnde øya er ikkje busett.

Hovudøya er vanlegvis delt i Unterland («nedre land», helgolandsk: deät Deelerlun) ved sjøen, Oberland («øvre land» helgolandsk: deät Boperlun), som består av eit platå, og Mittelland («mellomland») mellom dei på ei side av øya.

Hovudøya har òg små strender i nord og i sør, og har høge klipper med fall på 50 meter ned til havet i nord, vest og sørvest. I sørvest er sjøen over 50 meter djup nedanfor dei bratte klippene. Nordvest på øya finn ein det mest kjende landemerke i Helgoland, Lange Anna, som er ein frittståande klippe eller søyle av raud sandstein. Ho er 47 m høg og veg 25 000 tonn.

Dei to øyane var forbunde fram til 1720, då øya vart brote i to av stormflod. Det høgaste punktet på hovudøya er 61 meter over havet.

Sjøv om øya er kulturelt nærmare Nordfriesland, høyrer dei to øyane til landkreis Pinneberg i delstaten Schleswig-Holstein. Hovudøya har ei god hamn, og vert ofte vitja av seglbåtar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Lange Anna

Helgoland har eit maritimt klima. Ho er nesten fri for pollen, og er derfor ein ideell stad for allergikarar. Sidan det er lite landmasse i nærleiken, vert temperaturen sjeldan lågare enn -5 °C, og på vinteren kan det vere opp til 10 grader varmare her enn i Hamburg. Våren er relativt kjølig, medan hausten ofte er lengre og varmare enn på fastlandet, og statistisk sett har området meir sol.

På grunn av det milde klimaet har det vorte dyrka fiken her sidan 1920-talet, og det er framleis gamle morbærtre i Den øvre byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det har vore busetnadar på øya sidan førhistorisk tid. I år 697 trekte den frisiske kongen Radbod seg tilbake til Helgoland etter å ha vorte slått av frankarane. I 1231 kom Helgoland inn under den danske kong Valdemar II, og fra då og frem til 1714 skifta ho hender ei rekkje gonger mellom Danmark og hertugdømmet Schleswig. Ein kort periode var ho òg underlagt den hanseatiske bystaten Hamburg. I august 1714 vart ho erobra av Danmark, og under Napoleonskrigane vart ho i 1807 erobra av Storbritannia. Den tyske nasjonalsongen vart skrive på den dåverande britiske øya i 1841 av August Heinrich Hoffmann von Fallersleben. Britane avstod Helgoland til Tyskland i 1890 i byte mot at tyskarane gav opp krav på Zanzibar i Afrika. I åra som følgde vart øya utbygd til ein viktig marinebase. Under den første verdskrigen vart busetnaden evakuert til fastlandet. Det første sjøslaget under den første verdskrig vart utkjempa ved Helgolandbukta den første månaden av krigen. Innbyggjarane vende tilbake i 1918, men i 1930-åra vart marinebasen reaktiviert. Under den andre verdskrigen vart innbyggjarane verande på Helgoland, men 18. april 1945 gjekk britiske bombefly til åtak på øya og la husa i grus. Dei sivile innbyggjarane søkte vern i naturlege bergformasjonar, og dei fleste av dei 128 menneska som omkom var anti-luftskytspersonell. Øyane vart evakuert den påfølgjande natta.

I etterkrigstida vart øya, fram til 1952, brukt som skytefelt for krigsskip. 18. april 1947 detonerte Royal Navy 6 800 tonn sprengstoff i forsøk på å rive heile hovudøya. Dei militære installasjonane der vart øydelagde, men øya stod att. I 1952 vart øya tilbakeført til tyske styresmakter, som sette i gang ein større opprydding. Mellom anna måtte store mengder udetonert ammunisjon fjernast.

Øya er no ein feriestad og nyt godt av skattefritak. Store delar av økonomien er tufta på taxfree-sal av tobakk, alkohol og parfyme til turistane. Øya er òg utanfor Schengenområdet. Helgoland er bilfri, og det går ferje til Hamburg. Kvar sommar vert det arrangert seglregatta ved Helgoland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Helgoland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Panten, Albert: Helgoland im Mittelalter. Helgoland 2002
  • Lüth, Erich: Helgoland, die unzerstörbare Insel. Ullstein TB-Vlg., B. 1984, ISBN 3-548-20424-4
  • Berndt, Thorsten: Helgoland - Ansichten einer Hochseeinsel. S/W Bildband ISBN 3-529-02777-4
  • Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Heligoland frå Engelsk Wikipedia .