Stavanger stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stavanger stasjon
Stasjonsområdet
Stad Stavanger
Kommune Stavanger
Fylke Rogaland
Opna 1878
Linjer og rutedrift
Linje(r) [[Sørlandsbanen
Jærbanen]]

Stavanger stasjon er endestasjon på Sørlandsbanen og Jærbanen. Stasjonen ligg 598,70 km frå Oslo og 5,3 moh. Området der stasjonsbygninga ligg, heitte opphavleg Adamsmarken og høyrer til området Kannik.

Stasjonen vart opna i 1878Jærbanen stod ferdig. Stasjonsområdet hadde då eit vasstårn som skaffa toga vatn frå Kannikbekken og eit kollagar. Dei stod ved sidan av kverandre inntil jernbanelinja, på sørsida av linja. Stasjonsbygninga var ikkje stor, men var utstyrt med ein perrong med tak. På nordsida av linja låg lokomotivstallen og verkstadsbygninga. Godstrafikken gjekk til Torget der det var ein godsstasjon.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.