Fairport Convention

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fairport Convention
Fairport 40th.jpg
Opphav England
Sjanger Folk, elektrisk folk, folkrock
Aktive år 1967–1979
1985 til i dag
Nettstad www.fairportconvention.com
Medlemmer
Simon Nicol
Dave Pegg
Ric Sanders
Chris Leslie
Gerry Conway
Tidlegare medlemmer
Sjå Tidlegare medlemmar

Fairport Convention er eit engelsk folkrock- og seinare elektrisk folk-band, danna i 1967 og framleis aktive i dag. Dei vert i stor grad rekna som den viktigaste gruppa i utviklinga av engelsk folkrock.[1] Det tidlege albumet deira Liege and Lief vert rekna som albumet som lanserte elektrisk folk eller engelsk folkrock, som gav ein særeigen engelsk identitet i rocken og var med på å auke merksemda for tradisjonsmusikk generelt. Dei mange medlemmane som har vore innom bandet vert ofte rekna blant dei høgast verdsette og viktigaste musikarane i sine periodar, og har spelt i mange andre kjende band, eller hatt viktige solokarrierar. Sidan 1979 har dei vore vertar for Cropredyfestivalen, som er den største årlege hendinga av sitt slag i England. Kvar for seg og i lag har medlemmane i Fairport Convention fått mange prisar for medverknaden sin til musikk og kultur.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Bassist Ashley Hutchings møtte gitarist Simon Nicol nord i London i 1966 då dei begge spelte i Ethnic Shuffle Orchestra. Dei øvde i etasjen over legepraksisen til far til Nicol i eit hus kalla «Fairport» i Fortis Green, nord i London,[2] og dette var opphavet til namnet då gruppa kom saman som Fairport Convention i 1967 med Richard Thompson på gitar og Shaun Frater på trommer.[3] Etter den første konserten deira i St Michael's Church Hall i Golders Green, nordvest i London den 27. mai 1967, hadde dei den første av dei mange besetningsendringane då eit medlem av publikum, trommeslagaren Martin Lamble, overbeviste bandet om at han kunne gjere ein betre jobb enn Frater og erstatta han.[4] Dei fekk kort tid etter ein kvinneleg songar, Judy Dyble, som gav dei ein særeigen stil blant dei mange banda i London på denne tida.[5]

Dei første tre albuma, 1967-1969[endre | endre wikiteksten]

Fairport Convention spelte snart fast på undergrunnsklubbar som UFO og The Electric Garden (som seinare vart Middle Earth Club)[6] Etter berre nokre månader fanga dei merksemda til manager Joe Boyd, som sikra dei kontrakt med Polydor Records. Boyd foreslo at dei utvida besetningen med ein annan mannleg vokalist. Songaren Iain Matthews (då kjend som Ian McDonald) kom med i bandet og det første albumet deira, Fairport Convention, vart spelt inn seint i 1967 og kom ut i juni 1968. På dette tidlege stadiet såg Fairport mot amerikansk folk og folkrockartistar som Joni Mitchell, Bob Dylan og The Byrds for material og inspirasjon. Namnet «Fairport Convention» og at dei hadde to solovokalistar gjorde at mange trudde dei var eit amerikansk band, og dei fekk kallenamnet «det britiske Jefferson Airplane» i denne perioden.[7]

Etter skuffande platesal signerte dei ein ny kontrakt med Island Records. Før den neste innspelinga forlet Judy Dyble bandet og vart erstatta av Sandy Denny, ein visesongar som tidlegare hadde spelt inn plater som soloartist og i lag med Strawbs. Den særeigne stemma til Denny, skildra av Clive James som «open, lågmelt og med stor kraft» er eit av kjennemerka på dei to albuma som kom ut i 1969: What We Did On Our Holidays og Unhalfbricking.[8] Desse innspelingane synte at dei hadde vokse musikalsk og låtskrivinga til bandet hadde vorte betre. Dei første av desse vart skriven av Thompson og heitte «Meet on the Ledge», som vart den andre singelen deira og etter kvart ein uoffisiell kjenningsmelodi for bandet. På det andre av desse albuma finn ein fiolinisten Dave Swarbrick på ei innspeling av «A Sailor's Life», ein tradisjonell song som Denny tok med seg frå viseklubbtida til bandet. Denne innspelinga markerte eit viktig vendepunkt for bandet, og tennte ei interesse for tradisjonell musikk for Ashley Hutchings som gjorde omfattande undersøkingar i biblioteket English Folk Dance and Song Society i Cecil Sharp House. Dette temaet vart grunnlaget for det neste, og langt meir ambisiøse albumet deira.[9]

Desse to albuma gjorde bandet meir kjende. Radioprataren John Peel forfekta musikken deira og spelte albuma deira på det viktige showet sitt på BBC. Peel spelte òg inn fleire opptak som seinare vart gjeven ut som albumet Heyday (1987). Dei fekk suksess med singelen «Si Tu Dois Partir», ein franskspråkleg versjon av Bob Dylan sin «If You Gotta Go, Go Now». Singelen nådde 21. plassen på singellista i Storbritannia, men sikra bandet ein plass på Top Of The Pops, eit av dei mest populære musikkprogramma i Storbritannia gjennom tidene.[10]

Utviklinga av elektrisk folk[endre | endre wikiteksten]

Den 12. mai 1969, på veg heim frå ein konsert i Birmingham, kræsja varebilen til Fairport på motorvegen M1. Martin Lamble, berre nitten år gammal, og Jeannie Franklyn, kjærasten til Richard Thompson, vart begge drepne. Resten av bandet fekk òg skadar, nokre alvorlege.[11] Ulukka hadde sterk påverknad på bandet.[12] Det vart nesten oppløyst og Matthews forlét dei, og danna etter kvart Matthews Southern Comfort.[13] Bandet kom derimot saman att med Dave Mattacks på trommer og Dave Swarbrick, som hadde medverka til Unhalfbricking, vart no eit fullt medlem. Boyd fekk bandet inn i eit leigd hus i Farley Chamberlayne nær Winchester i Hampshire, der dei kom til kreftene igjen og arbeidde med å blande britisk folkemusikk med rock and roll. Resultatet vart det fjerde albumet Liege & Lief.[14]

Liege and Lief vert vanlegvis rekna som høgdepunktet i den lange karrieren deira, og vart eit stort sprang framover i konsept og musikalitet. Albumet bestod av seks tradisjonelle songar og tre originale songar skriven i liknande stil. Av tradisjonelle songar finn ein den episke «Tam Lin», som varer over sju minuttar, og «Matty Groves» som varer over åtte. Det var ein medley på fire tradisjonelle songar, og mange av dei var livleg arrangert med Swarbrick si energiske felespeling. Den første sida opna og slutta med to originale songar, «Come all ye» og «Farewell, Farewell», som i følgje teksten på plateomslaget gav plata ei kjensle av å vere eit konseptalbum. «Farewell, Farewell» og den siste songen «Crazy Man Michael» synte òg låtskrivartalentet til Thompson, som skulle karakterisere bandet seinare og den påfølgjande solokarrieren hans. Den særeigne stilen på albumet kjem av at dei nytta elektriske instrument, med den disiplinerte tromminga til Mattacks og feleakkompagnementet til Swarbrick i ein overraskande og mektig kombinasjon av rock og tradisjonell musikk. Heile bandet nådde eit nytt musikalsk nivå med dei flytande gitarane til Thompson og den «overjordiske» vokalen til Denny.[15]

Eit par britiske band hadde tidlegare eksperimentert med å spele tradisjonelle engelske songar på elektriske instrument (som Strawbs og Pentangle), men Fairport Convention var det første engelske bandet som fokuserte på å gjere dette.[16] Sjølv om dette i dag ofte vert kalla folkrock, nytta bandet og pressa på denne tida uttrykket elektrisk folk eller engelsk folk, får å skilje det frå meir amerikanskinspirert musikk.[17] Desse skildringane vert lite nytta i dag. Fairport Convention fann ikkje opp folkrock, men skapte ei særeigen engelsk grein av sjangeren, som seinare skulle utvikle seg og vekselverke med amerikanskinspirert musikk, men kan òg reknast som ein særeigen nasjonal reaksjon i opposisjon mot han.[18]

Liege & Lief vart lansert med ein utseld konsert i Royal Festival Hall i London seint i 1969. Det nådde 17. plass på den britiske albumlista og låg på lista i femten veker.[19]

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Det oppstod usemjer om kva retning bandet skulle ta etter denne suksessen. Ashley Hutchings ønskte å utforske meir tradisjonell musikk og forlet bandet for å danne grupper som òg vart viktige for engelsk folkrock, Steeleye Span og Albion Band.[20] Sandy Denny forlet gruppa og danna sitt eige band, Fotheringay. Dave Pegg tok over på bassgitar og har vore med i bandet sidan. Bandet gjorde ingen seriøse forsøk på å erstatte Denny, og sjølv om ho kom attende til bandet ein kort periode, vart stilen til bandet no karakterisert av mannlege vokalistar.

Trass i desse endringane produserte bandet eit nytt album, Full House (1970) som vart eit suksessfullt prosjekt. Som med forgjengaren kombinerte dei tradisjonelle songar, som ei mektig utgåve av «Sir Patrick Spens» med originale songar. Songane vart hovudsakleg skrivne av Thompson og Swarbrick i lag, mest synleg på «Walk Awhile», som vart ein fast song på konsertane deira. Trass i at Denny forlet bandet, hadde dei framleis fire vokalistar, mellom anna stemmene til Nicol og Swarbrick, som skulle dominere lydbiletet i denne perioden. Albumet fekk god kritikk i både Storbritannia og Amerika og dei vart samanlikna med The Band i Rolling Stone som erklærte at «Fairport Convention er betre enn nokon gong.»[21] Albumet nådde 13. plass på den britiske albumlista og vart liggande på lista i elleve veker.[19] Same året gav bandet ut ein ny singel, «Now Be Thankful», og debuterte i Amerika med ein turne i lag med Traffic og Crosby, Stills, Nash and Young.[22]

Like etter albumet kom ut forlet Thompson bandet for å gjere andre prosjekt og etter kvart starte ei solokarriere. Dermed vart det Simon Nicol, som det einaste originale medlemmet, og Dave Swarbrick som tredde fram som dei førande kreftene i bandet. I 1970 flytta medlemmene og familiane deira inn i The Angel, ein tidlegare pub i Hertfordshire og dette inspirerte det neste albumet deira, Angel Delight (1971) det første til bandet som nådde albumlista i USA med ein 200. plass. Det vart òg det einaste albumet deira som nådde Topp 10 i Storbritannia.[23] Det neste prosjektet var ein ambisiøs folkrockopera utvikla av Swarbrick, basert på livet til John «Babbacombe» Lee, «mannen dei ikkje klarte å hengje», og resulterte i albumet Babbacombe Lee (1971). Konseptformatet, opphavleg utan fråskilde spor, skapte mykje presseomtale og albumet vart ein del spelt på radio i USA der det nådde 195. plass. Ei utgåve vart produsert av BBC for TV i 1975 med forteljarstemme av Melvyn Bragg.[24] Desse to albuma er òg kjende som første gong der Fairport hadde spelt inn to album på rad med same besetning. Det vart derimot ikkje lenge, og Simon Nicol forlet bandet seint i 1971 for å bli med Ashley Hutchings i hans Albion Band. Like etter følgde Mattacks etter.[25]

Berre Pegg og Swarbrick vart verande att og dei neste åra er blitt kalla «Fairport confusion» («Fairport forvirring») sidan mange bandmedlemmer kom og gjekk. I 1973 var Mattacks tilbake og to tidlegare medlemmer i Sandy Denny sitt Fotheringay hadde kome med i bandet, den australske ektemannen til Denny, Trevor Lucas, på vokal og gitar, og amerikanske Jerry Donahue på sologitar.[26] Frå desse besetningane spelte bandet inn to studioalbum: Rosie, kjend for tittelsporet av Swarbrick (1973) og Nine (1974), det niande studioalbumet til bandet. På det siste av desse skreiv Lucas fem av ni songar, som i lag med countrypåverknaden til Donahue og den særs tekniske gitarstilen hans gav albumet ei særskild kjensle.

Denny kom attende i bandet i 1974 og det vart stilt høge forventningar, både kunstnarisk og kommersielt. Denny er med på albumet Rising for the Moon (1975), som vart den høgaste plasseringa bandet fekk i USA med ein 143. plass. I Storbritannia nådde det 52. plass.[19] Under Rising-innspelinga vart Mattacks uvener med produsenten Glyn Johns og vart erstatta med den tidlegare Grease Band-trommeslagaren Bruce Rowland. Rising selde dårleg i heimlandet og dette gjekk utover moralen, og trass i relativt god suksess forlet Lucas og Donahue bandet, og det same gjorde Denny i 1976. Ho døydde i 1978 av hjernebløding, 31 år gammal, etter å ha fall ned ei trapp.[27]

Rowland, Pegg og Swarbrick fullførte platekontrakten med Island Records ved å gjere om det som i røynda skulle bli eit soloalbum av Swarbrick til albumet Gottle O'Geer (1976), gjeven ut under namnet «Fairport» med forskjellige studiomusikarar og produksjon av Simon Nicol, som etter kvart kom attende til bandet. Dei signerte så ein platekontrakt med Vertigo, men platesalet heldt fram å falle og etter å ha spelt inn to av fire album i kontrakten, The Bonny Bunch of Roses (1977) og Tipplers Tales (1978), kansellerte Vertigo kontrakten deira.

Cropredy-tida 1979 til 1985[endre | endre wikiteksten]

Simon Nicol og Ric Sanders frå Fairport Convention på scenen på Fairport's Cropredy Convention 2005

I 1979 hadde den store marknaden for folkrock stort sett forsvunne, bandet stod utan platekontrakt og Dave Swarbrick hadde fått tinnitus, som gjorde høglydte, elektriske konsertar vanskelege. Fairport valte å gje seg. Dei heldt ein farvellturne og ein siste utandørskonsert den 4. august i Cropredy, ein landsby i Oxfordshire der Dave og Christine Pegg budde. Den endelege karakteren til denne hendinga vart lettare å fordøye då det vart annonsert at bandet skulle gjenforeinast.[28]

Ingen plateselskap ønskte å gje ut konsertopptaka etter turneen og konserten, så Peggs starta Woodworm Records, som skulle gje ut dei framtidige albuma til bandet. Medlemmene spelte framleis stundom konsertar i lag, særleg på festivalar rundt om i Europa, og etter eitt år heldt dei ein gjenforeiningskonsert i Cropredy, som vart til den årlege Cropredyfestivalen. I løpet av dei neste åra voks festivalen og vart den viktigaste faktoren til at bandet heldt saman. I august 1981 heldt bandet den årlege gjenforeiningskonserten sin ved Broughton Castle, i staden for Cropredy.[29] Konserten vart innspelt og gjeven ut som albumet Moat on the Ledge i 1982.

Peggs heldt fram å spele inn og gje ut Cropredy-konsertar som «offisielle piratopptak». I tillegg til desse vart det halde nyårskonsertar.[30] I 1983 vart magasinet Fairport Fanatics (seinare Dirty Linen) starta av dei entusiastiske tilhengjarane til bandet.[31]

Dei andre bandmedlemmene levde liva og karrierane sine utanfor bandet. Nicol, Pegg og Mattacks hadde spelt inn plater og turnert med Richard and Linda Thompson ved fleire høve i 1970-åra, og gjorde det så igjen i denne perioden, noko som enda med albumet Shoot Out the Lights og ein påfølgjande turne i 1982. Bruce Rowlands gav opp musikkindustrien og flytte til Danmark. Dave Mattacks tok då over som trommeslagar for dei sporadiske konsertane Fairport heldt. Dave Pegg vart det første av fleire Fairport-medlemmer som vart med i Jethro Tull, noko som gav han gode inntekter. Simon Nicol slo seg saman med Dave Swarbrick i ein akustisk duett, med dette partnerskapet vart vanskeleg då Swarbrick brått flytte til Skottland og frå 1984 fokuserte han på det nye bandet sitt, Whippersnapper.[30]

I 1985 fann Pegg, Nicol og Mattacks ut at dei alle hadde noko ledig tid og eit tilgjengeleg studio som høyrte til Pegg. Dei trenge nokre nye songar. Sidan Swarbrick ikkje var ledig vart utvalet av tradisjonelle songar vanskelegare enn på dei tidlegare albuma, og ein følte at ein trengde ein ny fiolinist og nokon på vokal. Pegg og Nicol tok over arrangementa på ein instrumental medley, og bandet tok inn jazz- og folkfiolinist Ric Sanders, som stundom hadde spelt med Albion Band, og songaren Cathy Lesurf. Dei fekk òg hjelp av Richard Thompson. Thompson og Lesurf medverka med songar og tok del i innspelinga. Ralph McTell medverka òg med ein song til albumet, samt at han skreiv ein annan song i lag med Nicol og Mattacks.

Resultatet vart albumet Gladys' Leap (1985), som generelt vart godt motteke i pressa, men det skapte noko spaning i bandet sidan Swarbrick nekta å spele dei nye songane på Cropredyfestivalen i 1985. Likevel valte dei å starte bandet opp at på ny, utan Swarbrick. Ric Sanders vart invitert med i lag med gitarist, låtskrivar og multi-instrumentalist Maartin Allcock. Nicol tok over som solovokalist. Denne besetninga varte i elleve år, den mest stabile perioden i historia til bandet.[32]

År med stabilitet 1986 til 1997[endre | endre wikiteksten]

Det nye bandet starta ei hektisk turneverksemd i Storbritannia og resten av verda og førebudde songar for eit nytt album. Resultatet vart det instrumentale Expletive Delighted! (1986). Dette synte virtuositeten til Sanders og Allcock, men var kanskje ikkje så veldig populært hos tilhengjarane. Dette vart følgd opp med In Real Time: Live '87, som klarte å fange energien og krafta til det nye Fairport på scenen, trass i at det vart spelt inn i studio med publikumslydar lagt på sidan.[33]

I denne perioden spelte bandet for større og større publikum, både på turneane og på Cropredy, og dei vart særs produktive når det kom til innspelingar. Fairport hadde no Allcock som låtskrivar og arrangør og dei vendte seg mot nokre av dei mest talentfulle i det samtidige folkrockmiljøet. Resultata vart Red & Gold (1989) The Five Seasons (1990) og Jewel in the Crown (1995), sistnemnde kalla «deira mestseljande og utan tvil beste album på mange år».[34]

På dette tidspunktet var Mattacks oppteken med andre prosjekt, og bandet skifta til eit akustisk format under turneane og gav ut det akustiske Old, New, Borrow Blue som «Fairport Acoustic Convention» i 1996. Ein periode dreiv den firemann store akustiske utgåva på parallelt med den elektriske. Då Allcock forlet bandet vart han erstatta av Chris Leslie, som var ein anerkjend låtskrivar, på vokal, mandolin og fele. I 1997 heldt bandet 30-årsjubileumskonsert under Cropredyfestivalen.

Fairport 1998 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Scenen under Fairport's Cropredy Convention i august 2009

I 1998 flytte Dave Mattacks til USA og Gerry Conway tok over på trommer og perkusjon. Fairport lagde to studio album til for Woodworm Records: The Wood and the Wire (2000) og XXXV (2002). Sp for Over the Next Hill (2004) grunnla dei eit nytt plateselskap: Matty Grooves Records. I denne perioden turnerte bandet mykje i Storbritannia, Europa, Australasia, USA og Canada, og sette opp ein stor veldedighetskonsert for Dave Swarbrick i Birmingham Symphony Hall.

I 1998 vart bandet knytt til den bretonske musikaren Alan Simon. Dei har spelt og innspelt alle rockeoperaene hans, mellom anna Excalibur-triologien (1998, 2007, 2010) og Anne de Bretagne (2008).

I 2007 hadde bandet 40-årsjubileum og dei feira med eit nytt album, Sense of Occasion. Dei spelte heile albumet Liege & Lief på Cropredy dette året, som sidan 2004 er kalla Fairport's Cropredy Convention, med besetninga frå 1969: Dave Swarbrick, Ashley Hutchings, Dave Mattacks, Simon Nicol og Richard Thompson, samt Chris While i staden for Sandy Denny.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Fairport Convention har vorte stadig meir respektert i media. Dei vann BBC Radio 2 Folk Awards sin ærespris i 2002. På same prisutdeling i 2006 fekk dei ein pris for Liege & Lief som vart stemd fram som det viktigaste folkemusikkalbumet gjennom tidene av lyttarane på Radio 2.[35] Under prisutdelinga i 2007 fekk badnet pris for beste folkevise gjennom tidene med «Who Knows Where the Time Goes?».[36]

Besetning[endre | endre wikiteksten]

Simon Nicol på BBC Radio 2 Folk Awards i februar 2007

Noverande besetning[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Nicol (gitar, solovokal): 1967 - 1971, 1976–til i dag
  • Dave Pegg (bassgitar, mandolin, korvokal): 1970–til i dag
  • Ric Sanders (feler, stundom klaverinstrument): 1985–til i dag
  • Chris Leslie (fele, mandolin, bouzouki, solovokal): 1997–til i dag
  • Gerry Conway (trommer og perkusjon): 1998–til i dag

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Dato Tittel
Juni 1968 Fairport Convention
Januar 1969 What We Did on Our Holidays
Juli 1969 Unhalfbricking
Desember 1969 Liege & Lief
Juli 1970 Full House
Juni 1971 Angel Delight
November 1971 Babbacombe Lee
1972 The Manor Album (ikkje gjeven ut)
Mars 1973 Rosie
Oktober 1973 Nine
Juni 1975 Rising for the Moon
Mai 1976 Gottle O'Geer - tilskriven «Fairport»
Februar 1977 The Bonny Bunch of Roses
Mai 1978 Tipplers Tales
1985 Gladys' Leap
1986 Expletive Delighted!
1987 Heyday
Desember, 1987 In Real Time: Live '87
1989 Red & Gold
Desember 1990 The Five Seasons
Juni 1995 Jewel in the Crown
Juli 1996 Old New Borrowed Blue - Studio/Live, tilskriven «Fairport Acoustic Convention»
1997 Who Knows Where the Time Goes?
Juli 2000 The Wood and the Wire
Februar 2002 XXXV
September 2004 Over the Next Hill
Februar 2007 Sense of Occasion
Januar 2011 Festival Bell

Konsertalbum[endre | endre wikiteksten]

Dato Tittel
Juli 1974 Fairport Live Convention (kalla A Moveable Feast i USA)
Januar 1977 Live at the L.A. Troubadour (innspelt sept. 1970)
1979 Farewell Farewell (òg kjend som Encore Encore)
1982 Moat On The Ledge - Live At Broughton Castle (innspelt 15. august 1981)
Juni 1986 House Full: Live at the L.A. Troubadour (innspelt sept. 1970)
Oktober 1994 25th Anniversary Concert
1998 The Cropredy Box (3-CD set)
1999 Cropredy 98
2002 From Cropredy to Portmeirion (innspelt 1990)
2002 The Airing Cupboard Tapes (innspelt 1971-1974)
2002 Cropredy 2002 (2-CD set)
2004 The Quiet Joys of Brotherhood (2-CD set)
2004 Cropredy Capers: 25 Years of Fairport Convention and Friends at Cropredy Festival (4-CD set)
2005 Journeyman's Grace
2005 Acoustically Down Under (innspelt 1996)
2006 Off The Desk
2007 Live at the BBC
2007 Who Knows? 1975
2007 On the Ledge (2-CD set, 35-årskonsert)
2008 Live At Cropredy '08

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. B. Sweers, Electric Folk: The Changing Face of English Traditional Music (Oxford University Press, 2005), s. 86.
  2. Thompson, Dave (December 1983). «Fairport Convention». Record Collector (52): 28–32. 
  3. B. Hinton, and G. Wall, Ashley Hutchings: The Guv'nor & the Rise of Folkrock, (London: Helter Skelter, 2002), s. ??.
  4. P. Humphries, Meet on the Ledge, a History of Fairport Convention (London: Virgin Publishing Ltd, 2nd edn 1997), s. 6-7.
  5. Humphries, s. 7-9.
  6. Simon Nicol, Fairport Convention Official Website retrieved 14/01/09.
  7. Observer Music Monthly henta 26. januar 2011.
  8. C. James, ‘In a lonely moment’ henta 26. januar 2011.
  9. Hinton and Wall, s. ??
  10. Humphries, s. 37.
  11. Sweers, s. 89.
  12. History: Simon Nicol writes about Fairport ved www.fairportconvention.com
  13. Humphres, s. 27.
  14. Hutchings, Ashley. Liege and Lief. 2002, Island Records reissue, IMCD 291 / 596 929-2, CD-heftet.
  15. Allmusic, henta 26. januar 2011.
  16. R. Unterberger, Eight Miles High: Folk-Rock's Flight from Haight-Ashbury to Woodstock (Backbeat Books, San Francisco, 2003), s. 157.
  17. Sweers, s. 23.
  18. Sweers, s. 4.
  19. 19,0 19,1 19,2 UK Charts
  20. Humphries, s. 52.
  21. Rolling Stone-melding, henta 26. januar 2011.
  22. Richard Thompson si offisielle nettside, henta 26. januar 2011.
  23. The Official Charts, henta 26. januar 2011.
  24. (Mostly) English Folk Music, henta 26. januar 2011.
  25. Humphries, s. 95-7.
  26. P. Frame, The Rock Family Trees, the Development and History of Rock Performers (Omnibus Press, London, 1983).
  27. Guardian Online, henta 26. januar 2011.
  28. Redwood and Woodward, s. 15-16.
  29. Humphries, Patrick. Meet on the Ledge - A History of Fairport Convention. London: Eel Pie, 1982. ISBN 0-906008-46-8, s. 103.
  30. 30,0 30,1 Redwood and Woodward, s. 18.
  31. R. Weissman, Which Side are You On?: An Inside History of the Folk Music Revival in America (Continuum International, 2005), s. 241.
  32. Redwood and Woodward, s. 19.
  33. Redwood and Woodward, s. 34-5.
  34. NME online, henta 26. januar 2011.
  35. BBC 2 Folk Awards 2006 retrieved on 13/01/09.
  36. BBC 2 Folk Awards 2007, henta 26. januar 2011.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Fairport Convention