Sandy Denny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandy Denny
Verkeleg namn Alexandra Elene MacLean Denny
Fødd 6. januar 1947, Wimbledon i London i England
Død 21. april 1978 (31 år), Atkinson Morley Hospital i Wimbledon i England
Instrument vokal, klaverinstrument, gitar
Sjanger Folk, elektrisk folk
Aktive år 1967–1978
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Fairport Convention, Strawbs, Fotheringay, Led Zeppelin
Plateselskap Island Records
Nettstad sandydenny.org.uk

Sandy Denny (6. januar 194721. april 1978), fødd Alexandra Elene Maclean Denny, var ein engelsk songar og låtskrivar, som av Richie Unterberger i Allmusic er skidlra som «den mest framifrå britiske folkrocksongaren».[1]

Denny vert rekna som ein av grunnleggjarane av den britiske folkrockrørsla og kanskje den viktigaste kvinnelege songaren, låtskrivaren og personlegdomen i miljøet. I løpet av den ti år lange karrieren etterlet Sandy Denny seg ei omfattande arv og er framleis viktig. Ho vert hugsa for den sentrale rolla ho hadde i utviklinga av britisk folkrock, der ho som medlem av Fairport Convention drog bandet bort frå amerikanske coverversjonar frå vestkysten til tradisjonelle engelske songar og originale songar i liknande stil.

Denny vert òg hugsa som låtskrivar, mest av alt på soloalbuma hennar, der ho i følgje Sunday Express, Uncut og Mojo vert omtalt som den beste kvinnelege visesongaren i Storbritannia.[2] Songen hennar «Who Knows Where the Time Goes?» har vorte spelt av mange andre artistar, mellom andre Judy Collins, Nina Simone og Cat Power og vert i dag rekna som ein klassikar. Ho er òg kjend for den mektige røysta, og det vert sagt at den uanstrengte og glatte vokalen hennar framleis set standarden for dagens kvinnelege visesongarar[3][4]. Allmusic seier om røysta hennar at «det er umogeleg å skildre med ord det uforgløymelege, andaktige nærværet til den mektige og skarpe altstemma hennar, som verkar å bringe mytologien frå engelske lyngheier og folkesegner til liv i ein moderne setting»[1]

Ho er òg kjend for duetten hennar med Robert Plant på songen «The Battle of Evermore» frå Led Zeppelin sitt fjerde album i 1971. Ho er til i dag den einaste gjestevokalisten på eit Led Zeppelin-album.

Barndom[endre | endre wikiteksten]

Denny vart fødd den 6. januar 1947 på Nelson Hospital i Kingston Road i Merton Park i London og studerte klassisk piano som born.[5] Den skotske bestemora hennar song tradisjonelle songar. Tidleg synte Denny ei interesse for song, men dei strenge foreldra hennar meinte at det ikkje var mogeleg å leve av det. Sandy Denny gjekk på Coombe jenteskule i Kingston upon Thames. Etter å ha forlate skulen starta ho på sjukepleiarutdanning på Royal Brompton Hospital.[6]

Tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Sjukepleiarkarrieren hennar vart kortvarig. I mellomtida hadde ho sikra seg plass på eit grunnkurs på Kingston College of Art, som ho tok til med i september 1965, og her vart ho involvert i viseklubben på staden. Her møtte ho mellom anna gitarist og framtidig medlem av Pentangle, John Renbourn.[6] Etter den første offentlege konserten hennar på the Barge i Kingston-Upon-Thames starta Denny å arbeide i viseklubbmiljøet på kveldane med eit amerikanskpåverka repertoare, mellom anna songar av Tom Paxton, i lag med tradisjonelle viser.[6]

Denny gjorde den første av mange framføringar for BBC på Cecil Sharp House den 2. desember 1966 på eit Folk Song Cellar-program der ho akkompagnerte seg sjølv på to tradisjonelle songar: Fhir a Bhata og Green Grow the Laurels. Den første innspelinga hennar gjorde ho nokre månader seinare midtvegs i 1967 for Saga Records,[7] med tradisjonelle songar og coverversjonar av samtidige visesongarar, som den dåverande kjærasten Jackson C. Frank. Dei vart gjeven ut på albuma Alex Campbell and his Friends og Sandy and Johnny med Johnny Silvo.[8] Desse songane vart samla i 1970 på albumet It's Sandy Denny der songar frå Sandy and Johnny vart spelt inn på ny med meir utførleg vokal og gitar.[8] The complete Saga studio recordings were issued on the 2005 compilation Where The Time Goes.

På denne tida hadde ho gjeve opp studiane på kunstakademiet og konsentrerte seg fullt og heilt om musikk. Medan ho spelte på The Troubadour, høyrde eit medlem av Strawbs ho, og i 1967 vart ho invitert med i bandet. Ho spelte inn eitt album med dei i Danmark, som kom ut i 1973 som Sandy Denny and the Strawbs All Our Own Work. Albumet inneheld ein tidleg soloversjon av ein av dei mest kjende songane hennar, «Who Knows Where the Time Goes?».[6] Eit lydband av denne soloutgåva fann vegen til den amerikanske songaren Judy Collins, som spelte songen som tittelsporet på på hennar eige album, gjeven ut i november 1968. Dette gav Denny internasjonal eksponering som låtskrivar før ho vart kjend som songar.

Profesjonell karriere[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha spelt inn Saga-albuma med Alex Campbell og Johnny Silvo Denny var ho på utkikk etter eit band der ho kunne utfordre seg sjølv som vokalist, nå ut til det store rockepublikummet og få høvet til å syne låtskrivinga si. Motivasjonen hennar var i følgje ho sjølv at «eg ønskte å gjere nok meir med stemma mi».[9] Etter ein kort periode med The StrawbsAll Our Own Work var ikkje Denny sikker på at dei kunne gje ho det ho ønskte, så ho slutta i bandet.

Samstundes heldt Fairport Convention prøvespelingar i mai 1968 for å erstatte Judy Dyble, som hadde forlate dei etter debutalbumet. Denny vart eit opplagt val. Eller som bandmedlem Simon Nicol sa, dei prøvespelte for ho, sidan den sterke personlegdomen og sjølvsikre musikaliteten hennar gjorde at ho verkeleg stod fram mellom dei andre håpefulle, «som eit reint glas i ein kum full av skitten oppvask».[10] Med What We Did On Our Holidays som det første vart det tre album med bandet seint på 60-talet, og dette vert rekna som det første høgdepunktet i karrieren hennar. I tillegg hadde ho ein avgjerande effekt på bandet. Denny har fått æra for at Fairport Convention starta å utforske tradisjonell britisk folkemusikk og slik vart ein nøkkelfigur i utviklinga av britisk folkrock.[11] Fairport var eit lovande band som hovudsakleg spelte coverversjonar frå den amerikanske vestkysten. Bandet ho forlet 18 månader seianre hadde funne opp britisk folkrock. Denny førte med seg det tradisjonelle repertoaret ho hadde spelt på viseklubbane, mellom anna «A Sailor's Life», frå det andre albumet deira i lag, Unhalfbricking. Med improviseringar på elektriske instrument over stemma til Denny, oppdaga bandmedlemmane hennar ei retning som skulle prege heile det neste albumet deira, det viktige Liege & Lief i 1969, og bandet har stort sett halde seg til denne stilen sidan. Før ho kom til bandet hadde ikkje Fairport Convention spelt tradisjonelle songar, og Richard Thompson hadde enno ikkje starta å skrive songar. Med sine eigne komposisjonar, interessa hennar for tradisjonell musikk og ei stemme som kunne takle kva som helst, fekk det stor innverknad på alle i bandet.

Denny forlet Fairport Convention i 1969 for å utvikle si eiga låtskriving.[6] Ho danna då sitt eige band, Fotheringay, i lag med kjærasten Trevor Lucas som tidlegare hadde spelt i gruppa Eclection. Dei gav ut eit høgt akta debutalbum (eit andre album frå 1970 vart aldri gjort ferdig, og kom først ut i 2008) med nokre av hennar beste tradisjonelle innspelingar, «Banks of the Nile», og nokre av hennar vakraste songar, som «The Sea» og «Nothing More». Sistnemnde var hennar første song på piano, som tok over som hovudinstrumentet hennar etter dette. Gruppa vart oppløyst då produsenten Joe Boyd reiste til California for å jobbe i Warner Brothers.

Sandy Denny gav så ut ei rekkje soloalbum, som har gjort at ho har fått status som ein av dei beste visesongarane i Storbritannia. Dei var hovudsakleg bygd opp kring hennar eigne songar. Gjennom innspelingane fekk ho med seg mange utmerka musikarar, mange av dei vener og tidlegare kollegaer som Richard Thompson, Dave Swarbrick, Jerry Donahue, Sneaky Pete Kleinow (frå Flying Burrito Brothers) Robin og Barry Dransfield, John (Rabbit) Bundrick, Allen Toussaint, Diz Disley, Steve Winwood og Acker Bilk.[12] Det første soloalbumet The North Star Grassman and the Ravens kom ut i 1971 og er særprega med flyktige tekstar og uventa harmoniar. Høgdepunkt er mellom andre «Late November», inspirert av ein draum og dødsfallet til Fairport-medlemmet Martin Lamble, og «Next Time Around», eit kryptogram om Jackson C. Frank, ein av hennar mange portrett i ein song.

Sandy med plateomslag av David Bailey følgde i 1972 og er eit av dei mest bindekraftige musikalske uttrykka hennar som songar og låtskrivar. Sikker og sympatisk produsert av Trevor Lucas, syner songane eit sprang frå storarta melodiar til krafta i musikken som «Listen, Listen» og «The Lady», til lokkande forteljingar som «Bushes and Briars» og «It Suits Me Well». Albumet markerte òg hennar siste innspeling av ein tradisjonell song, «The Quiet Joys of Brotherhood» (tekst av Richard Farina).

Lesarar av Melody Maker stemde ho to gonger fram som «den beste kvinnelege songaren i Storbritannia» i 1970 og 1971, og i lag med samtidige som Richard Thompson og Ashley Hutchings, deltok ho på prosjektet kalla The Bunch for å spele inn songar frå rock and roll-tida under tittelen Rock On som igjen synte kor allsidig ho var som vokalist. I denne perioden hadde Denny ei lita rolle i Lou Reizner si utgåve av rockeoperaen til The Who, Tommy, og gjorde ein duett med Robert Plant på «The Battle of Evermore» frå Led Zeppelin IV i 1971. Ho vart då den einaste gjestevokalisten nokon gong på eit Led Zeppelin-album.[10]

I 1973 gifta ho seg med kjærasten og produsenten Trevor Lucas og spelte inn eit tredje soloalbum, Like an Old Fashioned Waltz, ein nostalgisk songsyklus om mange av hennar personlege tankar om tap, einsemd, frykt for mørkret, tida som går og årstidene som kjem og går.[13] Året etter gjekk ho attende til Fairport Convention (der ektemannen hennar no var medlem) for ein verdsturne (fanga på albumet Fairport Live Convention frå 1974) og eit studioalbum, Rising for the Moon i 1975. Å få henne tilbake i bandet var ikkje berre problemfritt, sidan utviklinga hennar som soloartist og låtskrivar hadde teke ho bort frå folkeviserøtene som bandet hadde følgd sidan Liege & Lief. Likevel var ho låtskrivar eller medlåtskrivar på sju av elleve songar på Rising for the Moon, inkludert to av hennar mest akta songar, «Stranger to Himself» og «One More Chance».[14] Karismaen og den særprega altstemma hennar var aldri i tvil, men den harde turneen med Fairport Convention gjennom 1974 og 1975 i lag med Denny sitt aukande alkohol- og sigrettproblem gjorde sitt på stemma hennar. Noko av den klokkeklare reinheita var borte, men kontrollen og krafta var der framleis.

Denny og Lucas forlet Fairport Convention mot slutten av 1975 og dei lagde det som vart hennar siste album, Rendezvous. Her utvidar ho songskrivinga si og syner nye inspirasjonskjelder: «Gold Dust» med inspirasjon frå Karibia, dei soul-aktige «Take Me Away» og «I'm A Dreamer» og den mest ambisiøse av dei alle, eit åtte minuttar lang orkesterhyllest til den engelske hyrdelege stilen til Vaughan Williams kalla «All Our Days». Albumet kom ut i 1977 og vert i dag generelt rekna som overprodusert. Denny flytta til landsbyen Byfield i Northamptonshire på midten av 70-talet og i juli 1977 fødde ho det einaste barnet sitt, Georgia.

Denny la ut på ein britisk turne hausten 1977 for å promotere albumet. Avslutningskvelden i Royalty Theatre i London den 27. november 1977 vart spelt inn for konsertalbumet Gold Dust, som på grunn av tekniske problem med den elektriske gitaren, ikkje kom ut før i 1998 etter at Jerry Donahue hadde spelt inn det meste av gitarane på nytt.[15]

Dødsfall[endre | endre wikiteksten]

I mars 1978 var Denny på ferie hos foreldra hennar i Cornwall og vart skadd då ho fall ned ei trapp. Ein månad etter fallet kollapsa ho heime hos ein ven og døydde fire dagar seinare på Atkinson Morley Hospital.[16] Dødsårsaka var hjernebløding som følgje av fallet. Gravferda fann stad 27. april 1978 på Putney Vale Cemetery. Inskripsjonen på gravesteinen hennar seier: 'The Lady' Alexandra Elene MacLean Lucas (Sandy Denny) 6.1.47 - 21.4.78.

Seinare utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Denny hadde faste tilhengjarar medan ho levde, nådde ho aldri ut til dei store massane ho ønskte. I åra etter ho døydde har ryktet hennar berre halde fram å vekse. I 1985 kom ein boks på fire plater kalla Who Knows Where the Time Goes?, produsert av ektemannen Trevor Lucas og produsenten Joe Boyd med mange sjeldne og tidlegare ikkje utgjevne songar. I 1991 gav Joe Boyd ut ei ny utgåve av Denny sitt All Our Own Work med The Strawbs kalla Sandy Denny and the Strawbs. På denne utgåva var det lagt på strykarar på somme av songane, mellom andre «Who Knows Where the Time Goes?».

Ei samling av innspelingar for BBC vart gjeven ut på Strange Fruit Records som The BBC Sessions 1971-1973 i 1997, som på grunn av opphavsrettproblem vart trekt tilbake dagen etter. I 2007 kom boksen Live at the BBC.

I 2005 vart alle soloalbuma hennar nymstra og gjeven ut på ny med bonusspor. I 2008 gjorde Jerry Donahue ferdig det andre Fotheringay-albumet frå hausten 1970. Det vart gjeven ut til særs god kritikk[17] som Fotheringay 2.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

År Tittel Samanheng Format
1967 Alex Campbell and his Friends Alex Campbell[18] Studio
1967 Sandy and Johnny Sandy and Johnny[19] Studio
1968 - 69 Heyday Fairport Convention Samling
1969 (Januar) What We Did on Our Holidays Fairport Convention Studio
1969 (Juni) Unhalfbricking Fairport Convention Studio
1969 (Desember) Liege & Lief Fairport Convention Studio
1970 (Juni) Fotheringay Fotheringay Studio
1970 It's Sandy Denny [20] Samling
1971 (September) The North Star Grassman and the Ravens Solo Studio
1972 Rock On The Bunch Studio
1972 (September) Sandy Solo Studio
1973 All Our Own Work Sandy Denny and the Strawbs (innspelt 1967) Studio
1974 (Juni) Like an Old Fashioned Waltz Solo Studio
1974 Fairport Live Convention Fairport Convention Live
1975 Rising for the Moon Fairport Convention Studio
1977 (Mai) Rendezvous Solo Studio
1985 Who Knows Where the Time Goes? (boks) Blanda Samling
1991 Sandy Denny and the Strawbs (tilleggsspor og alternative miksar frå All Our Own Work) Sandy Denny and the Strawbs Studio
1997 The BBC Sessions 1971-1973 Solo Studio
1998 Gold Dust Solo Live
2000 No More Sad Refrains: The Anthology (dobbelplate) Blanda Samling
2004 A Boxful of Treasures (5 CD) Blanda Samling
2005 Where The Time Goes Solo Samling
2007 Live at the BBC (boks) Solo Studio
2008 The Music Weaver: Sandy Denny Remembered (2 CD) Blanda Samling
2008 Fotheringay 2 Fotheringay Studio
2010 All Our Own Work - The Complete Sessions remastered Sandy Denny and the Strawbs Nyutgjeving
2010 Sandy Denny (19 CD) Blanda Samling

Som gjesteartist[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Sandy Denny». http://www.allmusic.com/artist/p1957. Henta 27. januar 2011. 
  2. Patrick Humphries (20/04/2003) The singing Madonna with an angel’s voice Sunday Express, s 54-5. Nigel Williamson (Nov 2004) Glittering Prize Uncut, s134. Cliff Jones (Sept 1995) Forensic dissection of the human heart Mojo, s. 110.
  3. Colin Larkin (1997) The Virgin Encyclopedia of Seventies Music, London: Virgin Books, s.124.
  4. Sandy Denny: Biography : Rolling Stone
  5. Sandy Denny Biography
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Patrick Humphries (1982) Meet on the Ledge: A History of Fairport Convention, London: Eel Pie Publishing Ltd., ISBN 0-906008-46-8
  7. Folk Music - Newsletter 144 - Martin Carthy & Dave Swarbrick; Various Artists
  8. 8,0 8,1 Sandy Denny: The Original Sandy Denny
  9. Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002, p64. ISBN 1-900924-35-8
  10. 10,0 10,1 «Sold on Song - Song Library - Who Knows Where The Time Goes». www.bbc.co.uk. http://www.bbc.co.uk/radio2/soldonsong/songlibrary/indepth/whoknows.shtml. Henta 27. januar 2011. 
  11. You had to hold on to the furniture when Sandy sang, London, 2005-05-06, http://arts.guardian.co.uk/fridayreview/story/0,,1476963,00.html#article_continue, henta 27. januar 2011 
  12. www.sandydenny.co.uk
  13. Sandy Denny: Like an Old Fashioned Waltz Information
  14. Sandy Denny: A Short Biography
  15. «allmusic ((( Gold Dust: Live at the Royalty > Overview )))». www.allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r352218. Henta 27. januar 2011. 
  16. Sandy Denny Biography : OLDIES.com
  17. Uncut
  18. Saga EROS8021; med Sandy Denny, Johnny Silvo and the Johnny Silvo Folk Group (Roger Evans and Dave Moses), Paul McNeill and Cliff Aungier. Utgjeven 22. mars 1967 av Marcel Rodd Alex Campbell and his FriendsAlex Campbell and his Friends
  19. Saga EROS8041; Sandy and Johnny album, eigne songar frå Sandy, og Johnny Silvo, innspelt 26. april 1967 av Marcel Rodd
  20. Saga EROS8153; samleplate med songar frå Alex Campbell and his Friends og Sandy and Johnny
  21. Sandy Denny: Fair play to her, London: www.independent.co.uk, 2007-11-08, http://www.independent.co.uk/arts-entertainment/music/features/sandy-denny-fair-play-to-her-399500.html, henta 27. januar 2011 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Clinton Heylin. No More Sad Refrains - The Life and Times of Sandy Denny. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-35-8
  • Clinton Heylin. Gypsy Love Songs & Sad Refrains - The Recordings of Richard Thompson and Sandy Denny. Labour of Love Productions, 1989.
  • Colin Larkin. The Guinness Who's Who of Folk Music. Guinness Publishing Ltd. ISBN 0-85112-741-X
  • Colin Harper, Trevor Hodgett. Irish Folk, Traditional & Blues: A Secret History. Cherry Red, 2005. ISBN 1-901447-40-5
  • Pamela Murray Winters. No Thought of Leaving: A life of Sandy Denny. 2000. (Unpublished).
  • Brian Hinton, Geoff Wall. Ashley Hutchings: The Guv'nor & the Rise of Folkrock. London, Helter Skelter, 2002. ISBN 1-900924-32-3
  • Patrick Humphries. Meet On The Ledge: The Classic Years 1967-1975. Virgin Books, 1997. ISBN 0-7535-0153-8
  • Patrick Humphries. Richard Thompson: Strange Affair - The Biography. Virgin Books, 1996. ISBN 0-86369-993-6
  • Philip Ward, "Sandy Denny: A Thirtieth Anniversary", R2 (Rock'n'Reel) 2(9), May/June 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]