Stikkemygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stikkmygg
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Tovenger Diptera
Infraorden: Culicomorpha
Overfamilie: Culicoidea
Familie: Stikkmygg Culicidae
Meigen, 1818

Stikkemyggar er ei gruppe myggar som omfattar rundt 2 700 artar i 35 slekter. I Europa førekjem 106,[1] 38 av desse er påviste i Noreg.

Namnet sitt har dei fått fordi hoene av mange artar stikk pattedyr og/eller fugl og syg blod frå dei. Somme artar, til dømes malariamyggane (Anopheles), er spreiarar av fleire former for smitte og utgjer store medisinske problem. Andre artar er heilt ufarlege. Dei mest plagsame artane for menneske i Noreg høyrer til slekta Aedes.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Stikkemyggar har, som andre tovenger, fullstendig forvandling; ein livssyklus med egg, larve, puppe og vakse insekt eller imago. Detaljane i denne varierer frå slekt til slekt, men dei har det alle felles at larvane er reint vasslevande og pustar i luft gjennom spesielt utvikla pusterøyr på bakkroppen.

Dei ulike artane er ofte knytt strengt til ulike habitat. I Noreg finn ein til dømes larvar av Anopheles vexans og A. sticticus berre i elvedelta som fløymer over under snøsmeltinga, medan A. dorsalis og A. detritus er knytt til brakkvassdammar på strandenger.

Artar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Larvar av ein Culex-art. Det er typisk for stikkemyggar å henga vertikalt i vassflata, der dei pustar luft gjennom bakkroppen sin.
Puppe av Anopheles
Culiseta longiaerolata
  • Slekt Anopheles - malariamyggar
    • A. claviger
    • A. maculipennis (omfattar sannsynlegvis minst 2 artar, uklar systematikk)
    • A. messae
  • Slekt Coquillettidia
    • C. richiardii
  • Slekt Culex
    • C. pipiens
    • C. territans
    • C. torrentium
  • Slekt Culiseta
    • C. alaskaensis
    • C. annulata
    • C. bergrothi
    • C. fumipennis
    • C. morsitans
    • C. subochrea
  • Slekt Aedes
    • A. cantans
    • A. caspius
    • A. cataphylla
    • A. cinerus
    • A. communis
    • A. detritus
    • A. diantaeus
    • A. dorsalis
    • A. exrucians
    • A. geniculatus
    • A. hexodontus
    • A. impiger
    • A. intrudens
    • A. leucomelas
    • A. nigrinus
    • A. nigripes
    • A. pionips
    • A. pullatus
    • A. punctodes
    • A. punctor
    • A. riparius
    • A. rossicus
    • A. sticticus
    • A. vexans

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.