Mygg
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Mygg |
||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryotar | |
| Rike: | Dyr | |
| Rekkje: | Arthropoda | |
| Underrekkje: | Hexapoda | |
| Klasse: | Insecta | |
| Underklasse: | Pterogyta | |
| Infraklasse: | Neoptera | |
| Orden: | Diptera | |
| Underorden: | Nematocera | |
| Delgrupper | ||
| Vitskapleg namn | ||
| Nematocera | ||
Foto: ArtMechanic
Mygg (Nematocera) er ei gruppe av tovengjene (Diptera), der den andre gruppa er fluger. Mygg skil seg frå flugene ved at dei har meir enn fire ledd i følehorna. Insekta er mellom 1,8 og cirka 50 millimeter lange.
Det er skildra over 33 000 nolevande artar i verda; over 2 000 artar av dei finst i Noreg i 29 familiegrupper. I tillegg er det skildra svært mange utdødde grupper og artar ut frå funn i rav eller som fossil.
Det er berre nokre få artar som stikk eller bit. Dei fleste artar er harmlause. I daglegtale er «mygg» det same som stikkemygg, men denne gruppa utgjer berre ein liten del av all mygg.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Mygg kan skiljast frå flugene ved å sjå på antennene (følehorna}, som skal ha meir enn 4 ledd og vere av typen trådforma, det vil seie at ledda er meir eller mindre like store og sit etter kvarandre «som perler på ei snor». Dette kan vere vanskeleg å sjå, og kan krevje forstørring. Nokre mygg har svært små antenneledd. Myggar har fasettauge og mange artar har òg tre punktauge (ocelli).
Bakkroppen er vanlegvis lang og tynn. Mange hannar har komplekse ytre kjønnsorgan med forskjellige gripeorgan, piggar og liknande. Desse er nyttige for å bestemme artane. Hoer har normalt eit velutvikla, hardt (sklerotisert) eggleggingsrøyr.
Mygg er ein underorden av tovengjene og har, som namnet seier, berre eitt par vengjer, eller to-vengjer. Insekt har som regel fire venger, men hjå tovingane er det bakarste vingeparet erstatta av (omdanna til) to svingkøller eller kølleforma organ. Desse fungere som balanseorgan under flyginga.
Mygg har ofte noko meir spisse og lengre venger, lengre bein og ein litt slankare bakkropp enn flugene. Myggar er vanlegvis små, men einskilde artar kan vere store, som stankelbein. Deuterophlebiidane har eit særprega utsjånad og kan ved første augnekast minne om døgnfluger. Den ytre utsjånaden til nokre myggar kan vere svært lik ei fluge, som hjå hårmygg, gjødselmygg og knott.
Larvar som lever i vatn, har anten trådforma traké-gjeller nær bakenden, eller dei andar via eit slags røyr på bakkroppen. Dette blir stukke opp gjennom overflatehinna på vatnet, til atmosfærisk luft. Hovudet er utvikla og har bitande munndelar.
Larvane er vingelause og normalt utan bein. Dei utviklar seg gjennom fleire larvestadium, denne utviklinga kan ta så lite som éi veke og så mykje som fleire år, avhengig av tilhøva.
[endre] Levevis
Mygg finst mange stader, men mange av artane har tilknytting til eit fuktig miljø, ved vatn, elvar, våtmark eller i skuggefull skog.
Mygg har larvestadiet i daud ved, mudder, jord eller rotnande planterestar. Somme lever i fruktlekamen til soppar. Normalt finst mygg med larvestadium i vatn, berre i ferskvatn. Men somme artar i gruppa fjærmygg finst ned til 30 meter i havet og opp til over 5 000 meters høgde i fjellområde.
Larvane til nettvengjemygg er sterkt spesialiserte for å leve i fossefall, stryk og rasktrennande fjellbekkar. Dei bruker sugeskålene på undersida til å halde seg fast til stein eller anna botnmateriale. Dei treng glatte flater for å feste seg, og lever av å skrape alger, bakteriar og anna organisk materiale frå steinane. Puppa er festa til stein eller liknande. Når dei vaksne insekta blir klekte, er vengjene alt fullt utvikla, og dei kan fly så snart dei kjem til overflata.
Mygg tilhøyrer gruppa av insekt med fullstendig forvandling (holometabole insekt), som gjennomgår ein metamorfose i løpet av utviklinga. Mellom larvestadiet og det vaksne stadiet er ein puppestadie, ein kvileperiode, der myggen sine indre og ytre organ blir endra. Larven vert omdanna til til ei puppe. Når puppehuda er hard, byrjar omdanninga frå larve til den vaksne myggen. Dei indre organ blir brotne i varierande grad ned til ein cellemasse. Ei omorganisering skjer og dyret blir bygd opp igjen. Puppeperioden varierer etter temperaturen.
Mange mygg finst i dei meir kjølige områda på jorda. Overvintring skjer som egg, unge larvar eller nesten ferdig utvikla larvar. Eggstadiet toler betre kulde enn det vaksne stadiet. Mange overvintrar i plantestrøet på bakken. Somme kan klare seg i bekker og dammar som botnfrys om vinteren. Vintermygg skil seg ut ved at dei er ei av dei få insektgruppene som hovudsakleg er aktive som vaksne i vinterhalvåret. Ein kan treffast dei mellom oktober og april, og dei er i aktivitet straks temperaturen kjem over frysepunktet.
Andre stader på jorda må mygg overleve tørkeperiodar om sommaren. Mygg på slike stader overlever tørkeperioden normalt som egg.
[endre] Skadedyr
Nokre myggar opptrer som skadedyr i jordbruket. Særleg enkelte larvar til stankelbeinartane, som lever i jorda, kan gjere ein del skade. Dei et på planterøter og kan òg gnage av unge planter i rothalsen.
Myrstankelbeinet (Tipula paludosa) er den arten som særleg skaper problem nordvest i Europa. Område med fuktig, moldrik jord, som drenerte myrar er spesielt utsette. Larvane gjer størst skade når dei er nesten utvaksne, om våren og forsommaren. Grovt sett kan ein rekne med at skadar er sannsynlege dersom tettleiken av myrstankelbeinlarver overstig 100 larvar per kvadratmeter.
[endre] Mygg som stikk eller bit
Berre somme få artar stikk eller bit, men ikkje desto mindre, er dess til dels til stor plage for menneskja. Dei blodsugande artane finn truleg offeret sitt ved å gå etter karbondioksid i utåndingsluften.
Stikkemyggane har ein låg summande lyd når dei kjem flygande. Homyggen stikk for å suge blod, dette er viktig, den treng protein for å kunne utvikle mange egg. Ein homygg som har fått i seg eit godt måltid blod, produserer omtrent ti gonger såg mange egg som ein mygg som ikkje har fått eit blodmåltid. Eit myggstikk etterlater seg ei typisk opphovning som klør. Det er hoa som stikk, hannane er fredelege og besøkjer blomster, for å ete nektar og pollen.
Knott og sviknott kan opptre i store svermar, dei er gjerne plagsame særleg etter regnver, like etter solnedgang og liknande. Dei seier ikkje nei takk til eit blodmåltid. Desse artane stikk ikkje men har kjevar og bit hol på huda.
[endre] Sjukdomsberarar
I tropiske land kan mygg overføre sjukdommar. Dei norske artane er ganske så harmlause.
Malariamygg er ei slekt blant stikkemyggane og slekta har fått namnet sitt fordi 30-40 av artane kan spreie sjukdommen malaria. Egg- larve- og puppestadia skjer i vatn og varer 5-14 dagar avhengig av art og temperatur. Det er dei vaksne kjønnsmodne (imago) homyggane som er sjukdomsspreiarar.
Somme tropiske artar i gruppa knott (Simuliidae) kan spreie parasittar eller alvorlege sjukdommar. I Afrika finst elvesynssvikt eller oncocerciasis, forårsaka av rundormen Oncocerca volvulus.
Sommarfuglmygg er normalt ufarleg, men det finst nokre blodsugande artar i varmare strok av verda, i underfamilien Phlebotominae, som kan bere med seg sjukdomssmitte.
[endre] Systematisk inndeling
Mygg er ei dårleg undersøkt dyregruppe. Slektskapstilhøva mellom delgruppene til tovengjene er avklåra i ulik grad. Fleire av delgruppene til mygg er dårleg undersøkte. Samtidig aukar artstalet jamt.
Eit eksempel på kor liten kunnskapen om mygg er, kan vere resultatet av eit par år med innsamling av mygg i delgruppene Bolitophilidae, Diadocidiidae, Ditomyiidae, Keroplatidae og soppmygg (Mycetophilidae), på nokre stader i Møre og Romsdal. Resultatet blei 57 nye artar for Noreg og ti nye (uskrivne) artar for vitskapen. Til saman utgjorde innsamlinga funn av 357 ulike artar, som var meir enn halvparten av dei til då kjende norske artane. [1] Truleg er artstalet i Møre og Romsdal ein god del høgare, fordi dette var ei passiv innsamling med vindaugsfelle og malaisetelt. Det vil seie at dei fanga berre dei artane som passerte dei få kvadratmetrane der fellene var plasserte.
Talet mygg i verda er litt over 33 000 skildra artar, men ein rekner med at det finst langt fleire. Til dømes er tropisk regnskog svært dårleg undersøkt for artar. For tovengjer, som òg inkluderer fluene, er det meir enn 160 000 beskrivne artar.[1] Forskarar trur at berre tovengjene åleine kan ha meir enn éin million nolevande artar.[2]
Foto: James K. Lindsey
Foto: James Gathany
[endre] Nyare inndeling
I nyare systematikk er alle tovengjer i gruppa mygg (Nematocera) ikkje rekna som ei naturleg gruppe, men kunstig. Tovenngjer er oppdelte i ti delgrupper, der flugene utgjer éi av gruppene, mens mygg fordeler seg over dei ni resterande gruppene, slik det er gjort i The Tree of Life, nettstaden som freistar å vise slektskapen mellom verda sine organismar, som eit stamtre. Den eigentlege skilnaden er at mygg ikkje lenger er ei gruppe, men ni grupper. Dei er samla sett framleis systergruppe til flugene (Brachycera) og på same nivå i hierarkiet.
Dette oversynet er ikkje skrive i hierarkisk skrivemåte.
- Culicomorpha - Sviknott (Ceratopogonidae); Svevemygg (Chaoboridae); Fjørmygg (Chironomidae); Corethrellidae; Stikkemygg Culicidae; U-mygg (Dixidae); Knott (Simuliidae); Målarmygg (Thaumaleidae)
- Ptychopteromorpha - Glansmygg (Ptychopteridae); Tanyderidae
- Blephariceromorpha - Nettvingemygg (Blephariceridae); Døgnflugemygg (Deuterophlebiidae); Nymphomyiidae
- Bibionomorpha - Bolitophilidae; Gallmygg (Cecidomyiidae); Urmygg (Pachyneuridae); Hårmygg (Bibionidae); Rangomaramidae; Diadocidiidae; Ditomyiidae; Hesperinidae; Keroplatidae; Lygistorrhinidae; Soppmygg (Mycetophilidae); Sørgemygg (Sciaridae)
- Axymyiomorpha - Axymyiidae
- Psychodomorpha - Canthyloscelidae; Perissommatidae; Gjødselmygg (Scatopsidae); Valeseguyidae
- Psychodidae - Sommarfuglmygg (Psychodidae)
- Tipulomorpha - Cylindrotomidae; Småstankelbein (Limoniidae); Pediciidae; Storstankelbein (Tipulidae); Vintermygg (Trichoceridae)
- Vindusmygg (Anisopodidae)
- Fluger (Brachycera)
[endre] Tradisjonell inndeling
Det er ulike måter å dele mygg inn i undergrupper på, døme er Fauna Europaea Web Service [3] og The Diptera Site, [4] der dei forskjellige delgruppene er ulikt plassert.
[endre] The Diptera Site
Denne oversikta følger Thompson, F.C. 2006. (The Diptera Site) [5]
- Tovengjer (Diptera)
- Mygg (Nematocera)
- Tipulomorpha - Cylindrotomidae; Småstankelbein (Limoniidae); Pediciidae; Storstankelbein (Tipulidae)
- Blephariceromorpha - Nettvengjemygg (Blephariceridae); Døgnflugemygg (Deuterophlebiidae); Nymphomyiidae
- Axymyiomorpha - Axymyiidae
- Bibionomorpha - Vindusmygg (Anisopodidae); Hårmygg (Bibionidae); Bolitophilidae; Gallmygg (Cecidomyiidae); Diadocidiidae; Ditomyiidae; Hesperinidae; Keroplatidae; Lygistorrhinidae; Soppmygg (Mycetophilidae); Urmygg (Pachyneuridae); Rangomaramidae; Sørgemygg (Sciaridae)
- Psychodomorpha - Canthyloscelidae; Perissommatidae; Sommarfuglmygg (Psychodidae); Gjødselmygg (Scatopsidae); Vintermygg (Trichoceridae)
- Ptychopteromorpha - Glansmygg (Ptychopteridae); Tanyderidae
- Culicomorpha - Sviknott (Ceratopogonidae); Svevemygg (Chaoboridae); Fjørmygg (Chironomidae); Corethrellidae; Stikkemygg Culicidae; U-mygg (Dixidae); Knott (Simuliidae); Målarmygg (Thaumaleidae)
[endre] Fauna Europaea
Systematikken følger Fauna Europaea Web Service [6], dei delgruppeme som ikkje er representert i Europa er sette inn. Talet på artar for dei familiane som er representert i Norge, er henta frå Ottesen, 1993. [7]
- Tovengjer (Diptera)
- Mygg (Nematocera)
- Tipulomorpha
- Overfamilien Stankelbein (Tipuloidea); er ufarlige sjølv om fleire artar er store. Larvane lever i jord på røter av gras og liknande. Omtrent 250 artar i Noreg.
- Familien Storstankelbein (Tipulidae); Omtrent 100 artar i Noreg.
- Familien Cylindrotomidae; 3 artar i Noreg.
- Familien Småstankelbein (Limoniidae); Omtrent 125 artar i Noreg.
- Familien Pediciidae; 18 artar i Noreg.
- Overfamilien Trichoceroidea
- Familien Vintermygg (Trichoceridae); er på vengjene straks det er nokre varmegrader, og er eitt av dei få aktive insekta utandørs vinterstid. 4 artar i Noreg.
- Overfamilien Stankelbein (Tipuloidea); er ufarlige sjølv om fleire artar er store. Larvane lever i jord på røter av gras og liknande. Omtrent 250 artar i Noreg.
- Blephariceromorpha
- Overfamilien Nymphomyoidea
- Familien Nymphomyiidae; ei gruppe sterkt avvikande mygg. Sju artar er kjent frå Aust-Asia og Nord-Amerika.
- Overfamilien Blephariceroidea
- Familien Nettvingemygg (Blephariceridae); larvene lever i rennande vatn og er utstyrt med sugeskåler. Ikkje funne i Noreg.
- Familien Døgnfluemygg (Deuterophlebiidae); hannane har ekstremt lange antennar. Larvar i vatn, ikkje funne i Noreg.
- Overfamilien Nymphomyoidea
- Axymyiomorpha
- Overfamilien Axymyioidea
- Familien Axymyiidae; ikkje i Noreg.
- Overfamilien Axymyioidea
- Bibionomorpha
- Overfamilien Pachyneuroidea
- Familien Urmygg (Pachyneuridae); 1 art i Noreg.
- Familien Cramptonomyiidae; likner ur-myggane. Tre artar i Aust-Asia og Nord-Amerika.
- Overfamilien Sciaroidea
- Familien Soppmygg (Mycetophilidae); dei fleste artame har larvestadia i sopp. Omtrent 500 artar i Noreg.
- Familien Lygistorrhinidae; ikke i Noreg, ein art i Japan og ein i Nord-Amerika.
- Familien Bolitophilidae; Omtrent 10 artar i Norge.
- Familien Ditomyiidae; To artar funnet i Norge.
- Familien Keroplatidae; Omtrent 10 artar i Norge.
- Familien Langhornsmygg,(Macroceridae); 6 artar i Norge.
- Familien Diadocidiidae; 3 artar i Norge.
- Familien Mycetobiidae; Bare 1 art i Norge.
- Familien Sørgemygg (Sciaridae); Også kalt hærmygg. Små, mørke mygg med larver som spiser sopp. Omtrent 70 artar i Norge.
- Familien Rangomaramidae; ikke i Norge.
- Familien Gallmygg (Cecidomyiidae); legger egg på kulturplanter og larvene kan gjøre stor skade. Omtrent 100 artar i Norge.
- Overfamilien Bibionoidea; Med 17 artar i Norge.
- Familien Hesperinidae; ligner hårmygg men har lange antenner. En art i Europa, ikke funnet i Norge.
- Familien Hårmygg (Bibionidae); kan opptre i store mengder. 17 artar i Norge.
- Familien Markmygg, (Pleciidae); Muligens 1 art i Norge.
- Overfamilien Pachyneuroidea
- Psychodomorpha
- Overfamilien Psychodoidea
- Familien Sommarfuglmygg (Psychodidae); er liten og nokså kort i kroppen, vengjene er dekka av små hår eller skjel. Omtrent 20 artar kjend frå Norge.
- Overfamilien Anisopodoidea
- Familien Vindusmygg (Anisopodidae); sit ofte på ei glasrute, ute eller inne. Desse myggane kan likne stikkemygg, men har vengjer med mørkare flekkar. Det er 5 artar i Noreg.
- Overfamilien Scatopsoidea
- Familien Gjødselmygg (Scatopsidae); lever i kompost og liknande, legg egg i råtnande plantemateriale. Omtrent 40 artar i Noreg.
- Familien Svartmygg (Synneuridae); bare 1 art i Noreg.
- Familien Canthyloscelidae; Bare 1 art i Noreg.
- Familien Perissommatidae; ikkje i Noreg, fem artar på den sørlege halvkula
- Overfamilien Psychodoidea
- Ptychopteromorpha
- Overfamilien Ptychopteroidea
- Familien Glansmygg (Ptychopteridae); med 7 artar i Noreg.
- Familien Tanyderidae; ein liten familie av stankelbeinliknande mygg, finst ikkje i Europa
- Overfamilien Ptychopteroidea
- Culicomorpha
- Overfamilien Culicoidea
- Familien U-mygg (Dixidae); omtrent 15 artar i Noreg.
- Familien Svevemygg (Chaoboridae); med 7 artar i Noreg.
- Familien Corethrellidae; ein tropisk familie som likner svevemyggane. Finst ikkje i Noreg.
- Familien Stikkemygg (Culicidae); det som er kjend som «mygg» i daglegtale. Larvar og pupper utviklar seg i stilleståande vatn. Omtrent 40 artar i Noreg.
- Overfamilien Chironomoidea
- Familien Målarmygg (Thaumaleidae); med 4 artar i Noreg.
- Familien Knott (Simuliidae); finst i hele Noreg, angrip i svermar og syg blod. Larvestadia er i rennande vatn. 50 artar i Noreh.
- Familien Sviknott (Ceratopogonidae); 75 artar funne i Noreg. Bitte små mygg som kan angripe i tette svermar.
- Familien Fjørmygg (Chironomidae); har larvestadia sine i vatn og er derfor viktig mat for fisk. Omtrent 500 artar i Noreg.
- Overfamilien Culicoidea
- Tipulomorpha
- Mygg (Nematocera)
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på ei Nyno-omsetjing av «Mygg» frå Wikipedia på bokmål, den 3. april 2008.
[endre] Referansar
- ↑ Bokmålswikipedia oppgjev Thompson, F. Christian. 2005. Om tovinger - The Diptera Site Information about the World's flies. (besøksdato: 14. januar 2008)
- ↑ Bokmålswikipedia oppgjev Thompson, F. Christian. 2005. Tovinger - The Diptera Site Information about the World's flies. (besøksdato: 15. januar 2008)
- ↑ Fauna Europaea Web Service 2004. Nematocera. - Utbredelsesdatabase for europeiske dyr. Fauna Europaea version 1.1 - (besøksdato 14. januar 2008)
- ↑ Thompson, F. Christian. 2005. Tovinger (familieliste) - The Diptera Site Information about the World's flies - (besøksdato 14. januar 2008)
- ↑ Thompson, F. Christian. (editor). 2006. Biosystematic Database of World Diptera. Version 8.5 - Tovinger (familieliste) - The Diptera Site Information about the World's flies - (besøksdato 14. januar 2008)
- ↑ Fauna Europaea Web Service (2004) Fauna Europaea version 1.1, - utbredelsesdatabase for europeiske dyr. - (besøksdato 14. januar 2008)
- ↑ Ottesen, P.S. (red.) 1993 Norske Insektfamilier og deres artsantall. NINA utredning 055, 40 sider.
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Litteratur
- Andersson, H. 1991. Aktuell klassifisering av inhemska tvåvingar (Diptera), med svenska namn på familjerna. Ent. Tidskr. 112, side 49-52.
- Fjelldalen, J. 1994. Galler av noen gallmyggarter. (Diptera, Cecidomyiidae) på kulturplanter, løvtrær og urteaktige planter. Gnagskader på planter - 8. i Insekt-Nytt #3 1994, side 19-31
- Greve, Lita. 1999. Gjødselmygg (Scatopsidae) - Kompostbingens hemmelighet. i Insekt-Nytt #4 1999, side 7-12
- Hofvang, Trond. 1982. Litt om stankelbein (og spesielt om noen arter med flotte antenner). i Insekt-Nytt #1 1982, side 10-17
- Hofsvang, Trond. 1981. The species of the subgenus Tipula L. (Dipt., Tipulidae) in Norway. i Fauna Norwegia Ser. B. Vol. 28 No. 2 side 93-95
- Hofsvang, Trond. 1986. Stankelbein (Diptera, Tipulidae). Norsk entomologisk forening, Norske Insekttabeller nr. 10, 84 sider
- Håland, Ø. 1987. Dixidae - en liten neglisjert myggfamilie. i Insekt-Nytt #2 1987, side 5-6
- Håland, Ø. 1990. Sommerfuglmygg - hva er det? i Insekt-Nytt #4 1990, side 3-5
- Kjærandsen, J. & Jordal, J.B. Fungus gnats (Diptera: Bolitophilidae, Diadocidiidae, Ditomyiidae, Keroplatidae and Mycetophilidae) from Møre og Romsdal. Norwegian Journal of entomology. 54 (2) 2007. side 147-172.
- Mehl, Reidar. 1990. Insekter og HIV-smitte i Insekt-Nytt #2 1990, side 13-15
- Ottesen, P.S. (red.) 1993 Norske Insektfamilier og deres artsantall. NINA utredning 055, 40 sider.
- Rognes, K. 1984. Tovinger. (Diptera). i Insekt-Nytt #2/3 1984, side 35-37
- Rognes, K. 1992. Tovinger. (Diptera). i Insekt-Nytt # 3/4 1992, side 33-36
- Willassen, E. 1988. Chironomidae - en enkel introduksjon. i Insekt-Nytt #3 1988, side 4-8
[endre] Nettstader
- Tovinger - The Diptera Site Information about the World's flies
- Fauna Europaea Web Service (2004) Fauna Europaea version 1.1, www.faunaeur.org - utbredelsesdatabase for europeiske dyr.
- Tree of Life Web Project - Acromyrmex (engelskspråklig)
- The Tree of Life Web Project - Tipulomorpha (stankelbein og vintermygg) (engelskspråklig)
- The Tree of Life Web Project - Bibionomorpha (soppmygg, hårmygg og flere) (engelskspråklig)
- The Tree of Life Web Project - Culicomorpha (stikkemygg, knott, fjærmygg og flere) (engelskspråklig)
- The Tree of Life Web Project - Ptychopteromorpha (engelskspråklig)
- Norsk Entomologisk forening - for deg som vil lære mer om insekter.

