Stjernesildre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stjernesildre


Saxifraga stellaris.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Saxifragales
Familie: Saxifragaceae
Slekt: Saxifraga
Art: S. stellaris
Vitskapleg namn
Saxifraga stellaris

Stjernesildre (Saxifraga stellaris) er ein plante i sildrefamilien. Arten har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta er kring 10 cm høg og har lysgrøne rosettblad. Sidegreinene er oftast høgre enn midtblomsteren. Dei kvite kronblada er spisse og har raude eller gule flekkar nedst. Stjernesildre blømer kring juli månad på våte stader og ved bekkar. Planten finst i låglandet og i alle fjelltrakter i Noreg. Ho er funnen opp til 1970 m i Jotunheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
  • Ørjan Nilsson: Nordisk Fjellflora. Oslo 1995