Stockinish Island
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Stockinish Island Lokalt namn: Eilean Stocainis |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Ytre Hebridane |
| Areal | 0,49 km² |
| Høgaste punkt | 44 moh. |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Ytre Hebridane |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Stockinish Island (skotsk-gælisk Eilean Stocainis) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland. Ho ligg i utkanten av the Minch i Loch Stockinish, søraust for Harris. Ho er 0,49 km² stor og det høgaste punktet på øya er 44 meter over havet.[1]
Øya er ikkje busett og vert nytta som beite.
Geografi og geologi [endre]
Berggrunnen på Stockinish består av lewis-gneis.
I sørvest ligg den vesle Eilean Leasait og i sør ligg Stac nam Faoileag. Det ligg fleire grunner i sør, som stikk opp av sjøen ved lågvatn.
Vatnet Loch an t-Sàile dominerer mykje av øya. Vatnet er ei tidlegare vik som vart demd opp, truleg ei tidlegare fiskefelle som i dag vert nytta som hummarfangstplass.[1]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Stockinish Island» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.