Stour i Dorset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stour
elv
none  Bru over Stour ved Wimborne
Bru over Stour ved Wimborne
Land Flag of England.svg England
Grevskap Dorset, Wiltshire
Kjelde Stourhead, Wiltshire
Munning Den engelske kanal
 - stad Christchurch
Lengd 97 km

Stour er ei elv i Dorset og Wiltshire i det sørlege England. Ho blir òg kalla Dorset Stour, for å skilje ho frå andre elver med same namn. Elva, som er 97 km lang, renn frå det sørvestlege Wiltshire gjennom Dorset, og munnar ut i Den engelske kanalen austom Bournemouth.

Elveløpet[endre | endre wikiteksten]

Elva har utspringet sitt ved Stourhead i Wiltshire, der ho dannar ei rekkje kunstige innsjøar som inngår i Stourhead-godset som høyrer til National Trust. Ho renn så mot sørvest og inn i Dorset gjennom Blackmore Vale og passerer byen Gillingham. Ho møter sideelvane Cale, frå nordvest, og Lydden frå sørvest, og snur deretter mot søraust og renn gjennom byen Sturminster Newton. Ved Blandford Forum renn elva gjennom dei låge krittåsane i Dorset Downs, og fortset vidare mot søraust gjennom heilandskapet i det søraustlege Dorset.

Ved Wimborne Minster møter ho sideelva Allen, som kjem inn frå nord, renn vidare forbi dei nordlege forstadane i Bournemouth og renn saman med sideelva Moors, òg ho frå nord. Ved Christchurch renn ho ut i det nordvestre hjørnet av estuaret Christchurch Harbour, som ho har danna saman med naboelva Avon, som kjem frå nord og munnar ut i estuaret like ved Stour. Christchurch Harbour munnar ut i Den engelske kanalen ved Hengistbury Head, rundt to kilometer lenger aust.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Vassmølla i Sturminster Newton

Ein lang vandrarveg, kalla Stour Valley Way, følgjer nestan heile løpet til elva, frå Stourton nord for Gillingham til munningen ved Hengistbury Head. Parallelt med delar av elva går òg den no nedlagde Somerset and Dorset Joint Railway, som på grunn av det kroka løpet til Stour kryssar elva heile fem gonger.

Skiltet på bybrua over Stour i Sturminster Newton

Fleire byar og landsbyar i Dorset har namn etter elva, så som Stourton, East Stour, West Stour, Stourpaine, Stourton Caundle, Stour Row, Stour Provost, Sturminster Newton og Sturminster Marshall.

Sturminster Newton er spesielt kjent for ei godt verna vassmølle og for bybrua, der det enno står eit no kjend skilt om at den som vandaliserer brua vil bli straffa med transportering.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Sidan elvebotn i stor grad består av leire varierer vassføringa i elva sterkt. På sommaren er vassføringa låg, noko som bidreg til artsrike og viktige habitat, med ei lang rekkje sjeldne planter. På vinteren renn elva ofte over breiddene sine, og ho er difor omgjeve av breie og fruktbare elvesletter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stour i Dorset
Stour ved Tarrant Crawford