Sture Sivertsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sture Sivertsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1966 (58 år)
Levanger kommune
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1998, Ski-VM 1991, Ski-VM 1993, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, 1994 Vasaloppet

Utmerkingar

Olavstatuetten

Sture Sivertsen (fødd 16. april 1966) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Han vart verdsmeister på 10 km under VM 1993 i Falun, og var i tillegg med på å vinne stafettgull. VM-gull i stafett vann han også i dei to påfylgjande verdsmeisterskapa, Thunder Bay 1995 og Trondheim 1997. Under Nagano 1998 vart han olympiameister, også då på det norske stafettlaget. Fire år tidlegare, under OL 1994Lillehammer vann Noreg sølv på stafetten. I alle meisterskapa frå 1993 til –98 gjekk Sivertsen opningsetappen for Noreg. Under OL på Lillehammer tok han bronse på 50 km, i fylgje han sjølv hans beste OL-minne. Sesongane 1993 og 1994 var hans klart beste. Han tevla for Leirådal IF. Sivertsen vart fødd i Levanger, men bur i dag i Verdal.

Sivertsen debuterte i verdscupen i 1990 i Örnsköldsvik, der vart nummer åtte. Hans første pallplassering i verdscupen kom i Oslo i 1991 med tredjeplass på 50 km. VM-sigeren i 1993 var elles hans einaste siger i verdscupen. Siste pallplasseringa hans i verdscupen kom i Falun i 1994. Pallplasseringane hans i verdscupen er høvesvis 1 siger, 2 andreplassar og 6 tredjeplassar.

Noregsmeister vart Sivertsen tre gongar (1994, 1997, 1998). Frå NM fekk han elles med ein sølvmedalje og to bronsemedaljar.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og verdscuprenn[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Nr 8 på 30 km i Örnsköldsvik
  • 1991: Nr 3 på 50 km i Holmenkollen, nr 7 på 30 km i VM i Val di Fiemme
  • 1992: Nr 5 på 50 km på Vang
  • 1993: Gullmedalje 10 km og i 4x10 km stafett i VM i Falun
  • 1994: Bronsemedalje på 50 km og sølvmedalje på stafetten i OL på Lillehammer
  • 1995: Gull på stafetten, nr 9 på 10 km VM i Thunder Bay
  • 1995/6: Nr 6 på 10 km i Santa Caterina
  • 1997: Gull på stafetten, nr 5 på både 10 km og 50 km under VM i Trondheim. Nr 2 på 15 km i Falun
  • 1997/8: Gull på stafetten, nr 9 på 10 km under OL i Nagano. Nr 2 på 10 km i Val di Fiemme
  • 1999: Nr 12 på 15 km i verdscupen i Nove Mesto

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Sivertsen la opp etter 1999-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]