Sulefamilien
| Sulefamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Suliformes | |
| Familie: | Sulidae | |
| Artar i Noreg | ||
|
||
Suler er ein familie, sulidae, av sjøfuglar som stupdykkar etter fisk ved kystar og på ope hav. Dei varierer i lengd frå 60 til 85 cm og i vengespenn frå 141 cm til 174 cm. Vengene er lange, smale og skråstilte, halen er ganske lang og avsmalande, dei ytre stjertfjøra er kortare enn dei midtre. Flygemusklane er heller små og lasten på vengene vert høg. Det er kompensert av ei straumlinja torpedoforma kroppsform, kroppen er òg noko flattrykt (Nelson 2003).
Sulene har trauste bein og føter med symjehud mellom alle fire tærne. Somme artar har bein og symjehud i kraftfulle og lyse farger som fangar merksemd. Nebbet har klår farge, det er langt, rett og kraftig ved rota. Øvre del av nebbet kurvar nedover mot spissen og kan bevegast opp for å gripe over store bytte. Naseopningane vert lukka under dukk. Auga er framoverretta for å gje samsyn (Nelson 2003).
Fjørdrakta har lys underside, raudfotsula kan ha lysebrun underside og mørkebrun overside. Sulene har ein kjertel som skil ut eit voksfylt sekret som dei nyttar til å impregnere fjøra mot væte og skydde mot insekt. Dei myter slik at halefjøra vert skifta ut uregelbunden, medan vengefjøra skiftast ut etappevis slik at det alltid er somme gamle fjør att, og somme halvt utvaksne vengefjør samstundes som vengefjør vert felt. (Nelson 2003).
Artar[endre]
- Slekt Morus
- Havsule (Morus bassanus)
- Kappsule (Morus capensis)
- Australsule (Morus serrator)
- Slekt Sula
- Blåfotsule eller blåfotsula (Sula nebouxii)
- Humboldtsule (Sula variegata)
- Maskesule (Sula dactylatra)
- Nazcasule (Sula granti)
- Raudfotsule (Sula sula)
- Brunsule (Sula leucogaster)
- Slekt Papasula
- Christmassule (Papasula abbotti)
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Sulidae frå Engelsk Wikipedia .
- Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff[endre]
- Darga, R.; Böhme, M.; Göhlich, Ursula B. & Rössner, G. E. (1999): Reste höherer Wirbeltiere aus dem Alttertiär des Alpenvorlandes bei Siegsdorf/Oberbayern. Mitteilungen der Bayerischen Staatssammlung für Paläontologie und Historische Geologie 39: 91-114.
- Friesen, V. L.; Anderson, D. J.; Steeves, T. E.; Jones, H. & Schreiber, E. A. (2002): Molecular Support for Species Status of the Nazca Booby (Sula granti). Auk 119(3): 820–826. [English with Spanish abstract] DOI: 10.1642/0004-8038(2002)119[0820:MSFSSO]2.0.CO;2 PDF fulltext
- Lambrecht, Kálmán (1933): Familia Sulidae. In: Handbuch der Palaeornithologie: 284-287. Gebrüder Bornträger, Berlin.
- Nelson, J. Bryan (2003): "Gannets and Boobies". In: Perrins, C. (ed.): The Firefly Encyclopedia of Birds: 82–87. Firefly Books, Oxford.
- Olson, Storrs L. (1985): Section X.G.5.a. Sulidae. In: Farner, D.S.; King, J.R. & Parkes, Kenneth C. (eds.): Avian Biology 8: 203-204. Academic Press, New York.