Maskesule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maskesule

Status i verda: LC Livskraftig

Maskesule, Sula dactylatra Foto:  Duncan Wright
Maskesule, Sula dactylatra
Foto: Duncan Wright

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Suliformes
Familie: Sulidae
Slekt: Sula
Art: S. dactylatra
Vitskapleg namn
Sula dactylatra
Maskesule
Namn på andre språk
Svensk Masksula
Dansk Maskesule
Engelsk Masked Booby
Tysk Maskentölpel
Fransk Fou masqué
Spansk Alcatraz enmascarado, piquero enmascarado
Russisk Golubolitsaja olusja (Голуболицая олуша)

Maskesule (Sula dactylatra) er ein stor sjøfugl i sulefamilien, Sulidae. Denne arten hekkar på øyane i tropiske hav, spesielt på Galapagosøyane, men ikkje i det austlege Atlanterhavet, og i det austlege Stillehavet der han er erstatta av nazcasule, Sula granti.

Dette er den største sula, på 81-91 cm lengd, ca. 152 cm vengespenn og 1,5 kilogram kroppsvekt. Vaksne individ er kvite med spisse svarte venger, ein spiss svart hale, og ei mørkgrå maske i andletet. Kjønna er nokså like, men hannen har gult nebb, hoa meir grønleg, gult nebb; under hekkesesongen har hoene ein flekk med bar, blåleg hud på undersida av nebbet. Ungfuglar er brunlege på hovudet og oversida, med ein kvit undergump og krage. Undersida er kvit. Vaksen fjørdrakt veks ut over to år.

Maskesula er stille på sjøen, men helser med eit tynnt kviskrande kall i reirkoloniane. Medan dei oppheld seg i kolonien viser dei eit breitt spekter i lyd med kvesing og snadring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maskesule