Sunny

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sunny
av Bobby Hebb
frå albumet Sunny
B-side «Bread»
Utgjeve 1966
Innspelt Bell Sound Studios, New York City
Sjanger Soul
Lengd 2:44
Selskap Philips
Låtskrivar(ar) Bobby Hebb
Produsent Jerry Ross
Bobby Hebb-kronologi
Sunny «A Satisfied Mind»
(1966)
Sunny
Singel av Cher
frå albumet Cher
B-side «Will You Love Me Tomorrow»
Utgjeve 1966
Sjanger Pop, folk
Lengd 3:12
Selskap Imperial Records
Låtskrivar(ar) Bobby Hebb
Produsent Sonny Bono
Cher-kronologi
«I Feel Something in The Air»
(1966)
Sunny «Behind the Door»
(1966)
Sunny
Singel av Public Enemies
frå albumet Sunny/Whole Lotta Shakin' Goin' On
Utgjeve 25. august 1966
Sjanger Rhythm and blues
Lengd 3.30
Selskap Sonet Records
Låtskrivar(ar) Bobby Hebb
Public Enemies-kronologi
«There's a whole lot of shaking going on»
(1966)
Sunny «Shotgun»
(1966)
Sunny
Singel av Boney M.
frå albumet Take The Heat Off Me
Utgjeve 22. november 1976
Sjanger Pop, europop, eurodisco
Lengd 4.01
Selskap Hansa Records (FRG)
Atlantic Records (UK)
Atco Records (U.S.)
Låtskrivar(ar) Bobby Hebb
Produsent Frank Farian
Boney M.-kronologi
«Daddy Cool»
(1976)
Sunny «Ma Baker»
(1977)
Sunny (Remix)
Singel av Boney M.
frå albumet 20th Century Hits
Utgjeve 7. februar 2000
Sjanger Pop/Europop/Eurodisco
Selskap BMG Records (FRG)
Låtskrivar(ar) Bobby Hebb
Produsent Frank Farian
Boney M.-kronologi
«Hooray! Hooray! (Caribbean Night Fever)»
(1999)
Sunny (Remix) «Daddy Cool (Remix)»
(2001)
Sunny (Mousse T. Remix)
Digital nedlasting av Boney M.
frå albumet The Magic of Boney M.
Utgjeve November 2006
Sjanger Pop/Europop/Eurodisco
Produsent Frank Farian
Boney M.-kronologi
«Daddy Cool (Remix)»
(2001)
Sunny (Mousse T. Remix)

«Sunny» er ein song skriven av Bobby Hebb og er ein av dei mest innspelte popsongane gjennom tidene med fleire hundre utgjevne versjonar. BMI plasserte songen på 25. plass på lista deira over dei 100 beste songane frå 1900-talet.[1]

Foreldra til Hebb, William og Ovalla Hebb, var begge blinde musikarar. Hebb og den eldre broren Harold spelte som ein song-og-dans-duo i Nashville, frå då Bobby var tre år gammal og Harold var ni. Hebb skreiv songen i løpet av 48 timar etter den 22. november 1963, dagen då den amerikanske presidenten John F. Kennedy vart myrda og den eldre broren til Hebb, Harold, vart knivstukken i hel utafor ein nattklubb i Nashville. Dette gjekk hardt inn på Hebb og mange kritikarar hevdar dette inspirerte både teksten og melodien. I følgje Hebb skreiv han berre songen som eit uttrykk for eit ønske om ei «solrik» kjensle i staden for ei «elendig» kjensle etter mordet på broren.[2]

Teksten var ønsket til Hebb om at ein alltid bør «sjå positivt på livet» og han tok songen til tredjeplassen på R&B-lista og andreplassen på pop-lista i USA. Hebb har sagt om «Sunny»: «Alt eg prøvde med songen var å tenke på lukkelegare tider og lage ein hyllest til bror min - i hovudsakleg på utkikk etter ein lysare dag - fordi på denne tida var eg langt nede. Etter eg skreiv han tenkte eg at 'Sunny' var ein annan måte å gjere det på i forhold til det Johnny Bragg gjorde i 'Just Walkin' in the Rain.'» Medverkande på den originale innspelinga var Joe Shepley og Burt Collins på trompet, Micky Gravine på trombone, Artie Kaplan og Joe Grimaldi på saksofon, Artie Butler på piano, Joe Renzetti og Al Gorgoni på gitar, Joe Macho på bass, Al Rogers på trommer og George Devens på perkusjon. Songen vart opphavleg spelt inn medan studioinnspelinga var på overtid, så mange av musikarane måtte dra frå innspelinga til andre innspelingar dei hadde avtale med.

«Sunny» var opphavleg ein del av ein 18-songar lang demo spelt inn av produsenten Jerry Ross, som òg var kjend for Spanky and Our Gang, Keith sin «98.6» og Jay and the Techniques. «Sunny» vart først spelt inn i Japan av Mieko «Miko» Hirota, der han gjorde det godt på singellista.

I Amerika vart han gjeven ut av marimbafonisten Dave Pike på Atlantic Records i 1966 på albumet Jazz for the Jet Set, før Philips gav ut Hebb-versjonen, produsert av Ross og arrangert av Joe Renzetti.

«Sunny» vart spelt inn i Bell Sound Studios i New York City og gjeven ut som ein singel i 1966. Han fekk stor suksess, og dette førte til at Hebb i 1966 fekk turnere med The Beatles.

Sunny '76[endre | endre wikiteksten]

Sunny '76
Singel av Bobby Hebb
B-side Proud Soul Heritage
Utgjeve 1975
Sjanger Disco
Lengd 3:31
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Bobby Hebb
Produsent Marty Sheridan, Joe Renzetti

«Sunny '76» er namnet på ein discoversjon av Bobby Hebb song «Sunny». Som den originale versjonen frå 1966 er det Bobby Hebb som syng. Hovudskilnaden er at songen no var disco. Singelen vart gjeven ut seint i 1976 (sjølv om tittelen seier '76). B-sida til denne singelen var ein annan Hebb-song kalla «Proud Soul Heritage».

Boney M.-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Den tyske eurodisco-gruppa Boney M. spelte inn ein discoversjon av «Sunny», produsert av Frank Farian og arrangert av Stefan Klinkhammer i eit eurodisco-arrangement. Han vart henta frå debutalbumet Take the Heat Off Me frå 1976, og kom ut etter gjennombrotssingelen «Daddy Cool» og vart ein ny stor hitsingel som som toppa den tyske singellista. Han vart remiksa i 1988 og 1999 (og vart ein liten hit tidleg i 2000) og sampla av Boogie Pimps for versjonen deira i 2004. Liz Mitchell song førstevokalen på originalversjonen til Boney M, men originalmedlemmet Maizie Williams spelte inn ein soloversjon i 2006. Boney M-versjonen vart den mest populære og gjekk inn på Topp 10 i mange land [4], mellom andre Storbritannia [5], Frankrike [6] og andre.

Songen vert nytta i filmen Boogie Nights (1997).

Singelen vart gjeven ut med songen «New York City», som B-sida, ein omarbeidd versjon av Farian-artisten Gilla sin hitsingel frå 1976, «Tu es!» / «Why Don't You Do It» med ein intro lånt frå albumsporet «Help Help».

I 2011 vart den koreanske filmen Sunny ein bestseljar i Sør-Korea og mange land. Songen vart framført av Boney M. i slutten av filmen.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Cher-versjonen
Liste (1966) Plassering
Noreg[4] 2
Nederland 2
Sverige 4
Storbritannia[5] 32
Japan 86
Boney M.-versjonen
Liste Plassering
Tyskland 1
Storbritannia 3
Austerrike 1
Noreg 4
Sveits 2
Nederland 1
Belgia 1
Sverige 11
New Zealand 17
Sør-Korea 1
Japan 41
Irland 4
Frankrike 1

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. [1] Rerieved 04-22-13
  2. Nashville Scene article, "One So True" Henta 29. september 2013
  3. «Sunny», by C.Willem, in French, Belgian (Wallonia) and Swiss Singles Charts Lescharts.com (Retrieved 29. april 2008)
  4. Noreg [2]. Henta 22. oktober 2010.
  5. «Sunny» in UK Singles Chart [3] . Retrieved 31. oktober 2010.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]