Svein Gjedrem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Svein Gjerdrem
Foto: Noregs Bank

Svein Ingvar Gjedrem (fødd 25. januar 1950) i Finnøy var sentralbanksjef i Noreg og leiar for hovudstyret i Noregs bank frå 1999 - 2010.

Gjedrem er utdanna samfunnsøkonom frå Universitetet i Oslo i 1975. Før han vart sentralbanksjef arbeidde han i Finansdepartementet i perioden 1979-1998 og i Noregs bank 1975-1979.

Mens Gjedrem var sjef for Noregs Bank, har det skjedd store endringar i den norske pengepolitikken. I januar 1999, like etter at han begynte i stillinga som sentralbanksjef, gjekk han ut med at han ville styre mot eit inflasjonsmål på 2 % i staden for den tidlegare målsetjinga om ein stabil kronekurs i høve til europeiske valutaer. I mars 2001 utstedte regjeringa Stoltenberg I ei ny forskrift, som la det operasjonelle målet for pengepolitikken på 2,5 %. Gjedrem vart etterfulgt som sentralbanksjef av Øystein Olsen.

Gjedrem har òg ei karrière som fotballspelar. Mellom anna har han spelt for Viking og Lyn.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]