Hermod Skånland
Hermod Skånland (15. juni 1925–16. april 2011) var ein norsk økonom og sentralbanksjef frå Tromsø.
Innhaldsliste |
[endre] Biografi
Hermod Skånland tok eksamen artium i 1944 og tok sosialøkonomisk embetseksamen i 1951 ved Universitetet i Oslo. Han starta karrieren sin ved forskningsavdelinga ved Statistisk Sentralbyrå, og vart økonomikonsulent i Finansdepartementet året etter. Han var tilsett ved Finansdepartementet i 19 år frå då av.
I 1971 vart Skånland direktør og nestformann for Norges Bank, og han vart sitjande som bankdirektør fram til 1985, då han tok over som sentralbanksjef etter Knut Getz Wold. I tillegg var Skånland formann i styret for Statistisk Sentralbyrå frå 1981– 1993, styremedlem i Norges teknisk-naturvitenskapelige forskningsråd frå 1979 – 85 og styremedlem i Nordisk Investeringsbank frå 1976 – 1988.
Skånland var ein aktiv deltakar i den offentlege økonomidebatten. I 1980 vart han i det høve tildelt Fritt Ords honnør for konsekvent, og på open og uredd måte, å ha festa merksemda på betenkelege sider ved utviklinga av økonomien i landet. Hausten 1992 deltok han i forsvaret av den norske krona. Skånland gjekk av som sentralbanksjef i 1993/1994, og vart etterfulgt av Torstein Moland. Etter det vart han professor ved Handelshøgskolen BI fram til 2003/2004. Han døydde på ein sjukeheim på Jaren i Gran kommune i Oppland.
Skånland var gift fram til kona døydde i 2000. Han etterlét seg ei dotter.
[endre] Verk av Skånland (utval)
- Det norske kredittmarked siden 1900, 1967
- Inntektspolitikkens dilemma, 1981
- The Central Bank and Political Authorities in some Industrial Countries, 1984
- En pengepolitikk for Norge. Etter solidaritetsalternativet, i Sosialøkonomen, 1998
- Doktriner og økonomisk styring. Et tilbakeblikk, Norges Banks skriftserie nr. 36, 2004
[endre] Utmerknader
- Fritt Ords honnør (1980)
- Riddar av St. Olavs Orden (1987)
- Kommandør av Luxembourgs fortenesteorden (1990)
- Kommandør med stjerne av Finlands løves orden (1998)
- Kommandør med stjerne av Den islandske falkeordenen (1998)
- Sosialøkonomprisen (1998)
[endre] Kjelder
- Utdjupande artikkel om Skånland, skriven av Per Kleppe.
- Bokmålswikipedia om Hermod Skånland.
- Aftenposten, 17.04.11: Hermod Skånland er død. Om dottera.
|
|
|
|---|---|
| Karl Gether Bomhoff (1893–1920) · Nicolai Rygg (1920–1946) · Gunnar Jahn (1946–1954) · Erik Brofoss (1954–1970) · Knut Getz Wold (1970–1985) · Hermod Skånland (1985–1993) · Torstein Moland (1994–1995) · Kjell Storvik (1996–1998) · Svein Gjedrem (1999–2010) · Øystein Olsen (2011– |
