Gunnar Jahn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gunnar Jahn

Gunnar Jahn (10. januar 188331. januar 1971), fødd i Trondhjem, var ein norsk jurist, sosialøkonom og politikar frå Venstre, finansminister i to regjeringar og sjef for Noregs bank. Han var også med i leiinga av motstandskampen under den andre verdskrigen.

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Jahn blei cand.jur. i 1907 og cand.oecon. i 1909. Han blei i 1910 tilsett i Statistisk Sentralbyrå. Etter å ha arbeidd nokre år i Rasjonaliseringsdirektoratet kom han tilbake til Statistisk sentralbyrå der han blei direktør i 1920. Samtidig som han var direktør der, arbeidde han som lærar ved Oslo Handelsgymnasium og førelesar ved Universitetet i Oslo.

Gunnar Jahn var statsråd og sjef for Finansdepartementet (finansminister) i Johan Ludwig Mowinckel si tredje regjering mellom 1933-1935.

Under den andre verdskrigen var Jahn medlem av Administrasjonsrådet i 1940. Som motstandsmann blei han i 1944 formelt ein av leiarane i Heimefronten. Same hausten blei han arrestert av tyskarane og sendt til Grini fangeleir. I rettsoppgjeret etter krigen markerte Jahn seg som ein konsekvent motstandar av dødsstraff.

I Einar Gerhardsen si samlingsregjering i 1945 blei Jahn på nytt finansminister.

I 1946 blei Gunnar Jahn direksjonens formann i Noregs Bank, (sentralbanksjef), ei stilling han hadde fram til 1954. Han heldt fram med å vere tilknyta Noregs Bank etter at han slutta som direksjonsformann.

Den Norske Nobelkomiteen[endre | endre wikiteksten]

25. juni 1937 - 31. desember 1943 og 5. november 1945 - 31. desember 1966 var Jahn medlem av Nobelkomiteen. Han var viseformann i komiteen 1940 - 1941 og overtok som formann etter avdøde Fredrik Stang d.y. i tida 15. november 1941 - 31. desember 1943. Han var deretter formann i tida 5. november 1945 - 31. desember 1966.

Andre interesser[endre | endre wikiteksten]

Gunnar Jahn hadde stor fagleg tyngde, men også eit vidt interesseområde. Han skreiv såleis bøker om Byggeskikker på den norske landsbygd og Om binding av ørretfluer. Han var også blant dei som introduserte idretten bogeskyting i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Espen Søbye, Jødeforfølgelsene under den annen verdenskrig:Et mørkt kapittel i statistikkens historie?, artikkel publisert på Statistisk Sentralbyrås sider

Kjelder[endre | endre wikiteksten]