Sydslesvig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sydslesvig
Land  Tyskland
Kart
Sydslesvig
54°44′00″N 9°05′00″E / 54.733333333333°N 9.0833333333333°E / 54.733333333333; 9.0833333333333

Landesteil Schleswig, på dansk kalla Sydslesvig, i daglegtale ofte berre kalla Schleswig, eventuelt Südschleswig i historisk samanheng er eit tysk landområde mellom Eider og den dansk-tyske grensa i delstaten Schleswig-Holstein og Lauenborg. Den største byen i regionen er Flensburg (dansk Flensborg). Ved vestkysten ligg Nordfrisland, ved austkysten Angeln (Angel) og Schwansen (Svans).

Hertugdømet Slesvig (Sønderjylland) var inntil 1864 eit dansk len i det danske monarkiet (personalunion). Etter den dansk-tyske krigen vart Slesvig saman med Holstein og Lauenborg innlemma i Preussen. Etter ei folkerøysting i 1920 vart Nordslesvig foreina att med Danmark, medan Sydslesvig vart verande i Tyskland. I Sydslesvig bur det i dag ein dansktalande minoritet med omtrent 50 000 medlemer.[1] Dei har mellom anna sine eigne skular, bibliotek og kyrkjer. Dei talar ei eiga form av dansk kalla sydslesvigsk. Enkelte talar enno det gamle sønderjyske målføret. Dei har òg ei eiga avis, Flensborg Avis, og eit baseballag som spelar i den danske baseballserien og har treningsfelt på Mikkelberg ved Husum.

Det danske renessanseslottet Lyksborg Slot frå 1580-talet ligg i dag i den vesle tyske byen Glücksburg (dansk Lyksborg) på søre breidd av Flensburgfjorden 12 km nordaust for Flensburg i Sydslesvig.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Det danske mindretal», graenseforeningen.dk (på dansk), henta 27. november 2022 

Bakgrunnstoff[endre | endre wikiteksten]