Synnøve Svabø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Synnøve Svabø
Statsborgarskap Noreg
Fødd 22. september 1968 (55 år)
Sunnmøre
Yrke arrangementvert

Synnøve Svabø (fødd 22. september 1968) er ein norsk journalist og programleiar på TV og radio. Ho starta karrieren sin som journalist i radioprogram som Nitimen og Reiseradioen før ho byrja på Høgskulen i Volda. Seinare byrja ho i P3 som utereporter i XS og XL. Ho har vore reporter og programleiar for ei rekkje TV-program, i hovudsak hos NRK. Ho er i 2021 programleiar i Nitimen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Svabø er utdanna journalist frå Høgskulen i Volda i 1992 og vart same år tilsett i NRK. Ho var først å sjå som stuntreporter i Petter Nomes TV-serie Rondo hausten 1994 og våren 1995. I 1995–1996-sesongen hadde ho rollen som den innovative og impulsive programleiaren i underhaldningsserien Baluba på NRK-TV. Deretter vart ho ein av dei meste nytta programleiarane på underhaldningsprogramma til kanalen. Etter ein periode i TV 2 frå 1999 til 2001 kom ho attende som programleiar i NRK i 2003 og var blant annan programleiar i underhaldningsserien På tråden med Synnøve (2006).

I 2009 var ho NRK sin kommentator i finalen og semifinalane i Eurovision Song Contest 2009. Stil hennar vekte tildels sterke reaksjonar frå delar av det norske publikum som meinte ho førte ein «frekk» og «vulgær» tone under programmet, og at ho snakka for mykje under poengoppramsinga. NRKs publikumsservice mottok rekordmange klager frå sinte sjåarar etter opptredenen hennar.[1] Blant desse var òg leiaren for Kringkastingsrådet i NRK, Kjellaug Nakkim.[2]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Svabø er fødd på Sunnmøre, men voks opp på Austlandet. Ho er gift med Stein Olav Lervik og har to barn. Ho er kusine til journalisten Terje Svabø. Ho gjekk i klasse med Johann Olav Koss og Baren-vinnaren Bjørn Sjulstok på barne- og ungdomsskulen.

TV-opptredenar[endre | endre wikiteksten]

Film[endre | endre wikiteksten]

  • Buddy (2003)

PC-spel[endre | endre wikiteksten]

  • Den lengste reisen (1999)

Radio[endre | endre wikiteksten]

  • Reiseradioen
  • Nitimen (2004)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]