Slireknefamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Syrefamilien)
Slireknefamilien
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrike: Viridiplantae
Infrarike: Streptophyta
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Nellikordenen Caryophyllales
Familie: Slireknefamilien Polygonaceae
Juss., 1789
Antigonon cordatum

Slireknefamilien (av slire og kne) eller syrefamilien (Polygonaceae) er ein plantefamilie i ordenen Caryophyllales. Han omfattar rundt 1 100 artar fordelt på 46 planteslekter.

Artane i syrefamilien har spreidde, heilranda blad og ei karakteristisk slire av samanvaksne øyreblad rundt kvar ledd i stengelen. Dei undersitjande blomstrane er små og kvite, grøne eller raudlege, og har 3-6 blomedekkblad, 5-9 støvberarar og ein fruktknute med 2-4 griflar. Blomstrane er som regel tvikjønna og sit anten enkeltvis i bladhjørna eller i aksforma blomsterstandar. Frukta er ei trekanta eller flat nøtt som ofte er omslutta av sterkt forstørra blomsterdekkblad. Dei forstørra blomsterdekkblada har som regel store korn midt på.

Familien omfattar ein del ugrasplantar, særleg i syreslekta (Rumex). Desse kan vera ei plage i landbruket. Rabarbra (Rheum) høyrer også til syrefamilien. Mange av artane inneheld mykje oksalsyre og kan derfor vera giftige.

Slekter[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikispecies
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Polygonaceae
Commons har multimedium som gjeld: Slireknefamilien