Tõnismägi

Koordinatar: 59°25′52.41″N 24°44′23.49″E / 59.4312250°N 24.7398583°E / 59.4312250; 24.7398583
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°25′52.41″N 24°44′23.49″E / 59.4312250°N 24.7398583°E / 59.4312250; 24.7398583

Tõnismägi
ås
Land  Estland
Del av Keskkõrgendik
Kart
Tõnismägi
59°25′46″N 24°44′21″E / 59.429519444444°N 24.739258333333°E / 59.429519444444; 24.739258333333
Den tredje Kaarli-kyrkja

Tõnismägi eller (Sankt) Anton-bakken, også kjent som Tonismagi i internasjonal presse, er ein 36 meter høg bakketopp rett ved Toompea i Tallinn i Estland. Frå 1945 til 1996 vart den sentrale delen av bakketoppen kalla «Frigjerarane sin plass» (estisk Vabastajate väljak).[1] Plassen vart internasjonalt kjend i 2007 då dei estiske styresmaktene flytta eit sovjetisk minnesmerke kjent som Bronsesoldaten i Tallinn.[2][3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tõnismägi er første gong nemnt i eit dokument frå 1348, då bystyret i Tallinn gav området til den liviske Sverdbroderordenen.[4]

Før 1348 var det bygd ei kyrkje for Sankt Anton på bakketoppen, og ein gravstad. Kyrkja og gravstaden vart truleg øydelagde rundt 1570-1571, under den liviske krigen.[4] Etter den liviske krigen vart det bygd fleire gater i området.

I 1670 vart den første Kaarli-kyrkja bygd der, oppkalla etter den svenske kongen Karl XI. Denne trekyrkja var for esterane og dei lokale finnane. Kyrkja brann under den store nordiske krigen i august 1710.[4] Her vart bygd ei kyrkje nummer 2 på 1800-talet, men denne vart riven då den tredje Kaarli-kyrkja vart bygd i 1870.

Bronsesoldaten i Tallinn[endre | endre wikiteksten]

Den 25. september 1944 vart leivningane av to sovjetiske soldatar gravlagde på bakketoppen. Fleire leivningar vart gravlagde i april 1945.[5] Etter gravlegginga av soldatane frå den raude armeen på Tõnismägi fekk plassen namnet Frigjerarane sin plass den 12. juni 1945. Eit monument vart bestilt frå arkitekten Arnold Alas og avduka den 22. september 1947, dem sentralen delen var ei bronsestatue laga av bilethoggaren Enn Roos. I 1964 kom her i evigvarande flamme i tillegg.[5] I april 2007 vart bronsestatuen flytta frå Tõnismägi til gravstaden for det estiske forsvaret, og ein starta arbeide med å skulle flytte gravene.[2][3]

Paul Keres[endre | endre wikiteksten]

Ei statue til minne om sjakkspelaren Paul Keres står også her - «den beste sjakkspelaren som aldri vart verdsmeister».

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Tõnismägi