T Tauri-stjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete sette saman til ein animasjon. Dei syner utviklinga til glødande gass blåsen vekk frå T Tauri-stjernesystemet XZ Tauri.

T Tauri-stjerner er unge stjerner som på eit Hertzsprung–Russell diagram ligg til høgre for hovudserien. Namnet kjem frå den variable stjerna T Tauri som òg er prototypen for denne stjernekategorien. Karakteristisk for for T Tauri-stjerner er emisjonslinjer som indikerer ein utvida gassatmosfære, gass som strøymer inn mot eller ut frå stjerna med høg fart, nærliggjande mørke skyer det føregår stjernedanning og ein høg proporsjon av litium, som det snøgt vert tomt for på andre stjerner.

Mange T Tauri-stjerner viser trekk som peikar mot ein sterk og kontinuerleg straum av materie frå stjerneoverflata, kjend som T Tauri-vind. T Tauri-stjerner finn ein ofte i nærleiken av Herbig–Haro-objekt, og T Tauri sjølv ligg i sentrumet til eit Herbig–Haro-objekt. T Tauri-stjerner er ofte mindre massive enn sola; tyngre stjerner går anten gjennom T Tauri-fasen medan dei enno er dulde bak opphavsskya eller har ein annan utsjånad i den same fasen i stjernelivet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «T Tauri-star» s. 415-16 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.