Tåke i astronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krabbetåka er ein supernovarest. Det blålege lyset kjem frå synkrotronstråling som igjen kjem av elektron som fer med relativistisk fart i magnetfeltet til den sentrale nøytronstjerna.

Tåker eller skodder er diffuse objekt i verdsrommet samansette av gass og støv og som ikkje er stjerner. Det finst fleire ulike typar av tåker; dei tre øvste kategoriane er emisjonståker, refleksjonståker og mørke tåker.

Emisjonståker[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste emisjonståkene sender ut lyset sitt i seriar av emisjonslinjer. I desse tåkene er atoma ioniserte av ultrafiolett stråling frå ei varm stjerna eller fleire varme stjerner, og det synlege lyset blir sendt ut når elektrona blir fanga inn igjen av atoma. Hydrogen er det mest vanlege grunnstoffet i nesten alle tåker, og tåker der det finst ionisert hydrogen blir kalla H II-regionar. Hydrogen sender ut sitt kraftigaste lys på bølgjelengda 656 nm, som er raudt lys; slik at H II-regionar ofte er raude på bilete. Sedde visuelt kan dei likevel sjå grøne ut grunna eit par av forbodne linjer på 496 og 501 nm sendte ut av oksygen.

Andre typar av emisjonståker er planetariske tåker og supernovarestar. I supernovarestar kan det emitterte lyset òg komma frå synkrotronstråling, sjølv om denne strålinga vanlegvis berre førekjem i radiobølgjer. I Krabbetåka strekker synkrotronstrålinga seg òg inn den synlege delen av det elektromagnetiske spekteret.

Emisjonståker kan vera mykje meir lyssterke enn stjerna som badar dei i ultrafiolett stråling dersom stjerna er ekstra varm, då tåka vil konvertera den ultrafiolette strålinga til synleg lys.

Refleksjonsståker[endre | endre wikiteksten]

Refleksjonståker er synlege ved at dei spreier stjernelys. Her er det ikkje sjølve gassen i tåka som er synleg, men myriadar av små støvfnugg som normalt er blanda med han. Refleksjontåkene er alltid svakare enn stjerna som lyser dei opp, med mindre ein tjukkare del av tåka sedd frå jorda dekkjer stjerna. Refleksjonståker er som regel blå på bilete.

Mørke tåker[endre | endre wikiteksten]

Mørke tåker er ikkje lyste opp av stjerner og er berre synlege ved at dei blokkerer lys frå bakomliggjande stjerner eller lys frå andre lyskjelder. Døme på mørke tåker er Kolsekken og Hestehovudtåka.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tåke i astronomi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «Nebula» s. 278 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.