Tabuord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Graffiti med det engelske tabuordet «fuck». (BUPA er ei helseverksemd)

Tabuord er ein type ord ein ikkje kan bruka i visse samanhengar fordi dei vil støyta folk. Alle språk har slike ord som er tabu. Det kan variera ut frå situasjonen om eit ord er tabu eller ikkje.

Ordforråd[endre | endre wikiteksten]

Tabuord kan koma frå område det er vanskeleg å snakka om, dei kan skildra noko samfunnet ser på som ureint, eller dei kan vera knytte til andre forbod, som namnetabu. Typiske norske tabuord har ofte med sex eller religion å gjera.

Orda kan ha med sårbare saker å gjera, som rase (til dømes det amerikanske «N-ordet», nigger), eller ein kan vera redd for ordmagien, som trua på at ein kunne påkalla ulven ved å nemna namnet hans.

For å unngå tabuord kan ein nytta omskrivingar. Dersom eit tabu rundt eit omgrep er sterkt vil omskrivinga òg raskt kunne bli eit nytt tabuord.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Dersom ord er totalt tabu, slik at dei aldri meir kan uttalast, vil dei etter kvart gå ut av språket. Dei fleste tabuorda har derimot ei lang soge bak seg, og er langt frå gløymde. Dette er fordi dei blir brukte trass i tabuet.

Tabuord kan brukast i uformelle situasjonar, til dømes om ein er saman med jamnaldrande eller folk av same kjønn. Dei kan brukast for å uttrykka sterke kjensler, som sinne, då gjerne i form av banning.

For mange er tabuord òg tiltrekkande nettopp fordi dei er forbodne. Små ungar som lærer at nokre ord er stygge vil ofte gå rundt og seia akkurat desse stygge orda. For mange forsvinn ikkje denne impulsen med alderen. Tabuord er blitt skribla ned i årtusen; det er til dømes funne graffiti med tabuord i Pompeii og på runepinnar frå norrøn tid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]