Tagetes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tagetes


Tagetes lucida
Tagetes lucida

Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Tribus: Tageteae
Slekt: Tagetes
Vitskapleg namn
Tagetes

Tagetes eller fløyelsblomslekta er ei planteslekt i korgplantefamilien. Slekta har i dag om lag 50-60 artar der dei fleste er utbreidde i tropiske eller subtropiske delar av Amerika. Plantene har sterk lukt og er eitt- eller fleirårige urteatige planter. Nokre få artar er halvbuskar eller buskar.

Blada sit oftast motsett, og dei er lappa eller ulikefinna med meir eller mindre tanna rand. Blomstrane dannar ein endestilt stand (ei korg) med frå 13 til meir enn 100 tungeforma randblomstrar og 6-120 røyrforma skiveblomstrar, der alle er fruktbare. Fruktene er nøtter.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet kjem frå Tages, opphavleg ein estrustisk gud og seinare gjort til barnebarnet av Jupiter av romarane. Grunnen til at Linné valte dette namnet er truleg på grunn av kor lett frøa til desse artane spirer og planta har lett for å komme att år etter år frå frøa som vart produserte året før.[1]

Hybridar[endre | endre wikiteksten]

Tagetes-kultivar

Det er kryssa fram ei rekke eittårige hybridar og kultivarar som kan samlast i ulike grupper. Nokre grupper er:

  • 'African': Hybridar og kultivarar av Tagetes erecta. Kompakte plantar med kvite, fylte opptil 12 cm breie blomstrar.
  • 'Afro-French': Kryssingar mellom Tagetes erecta og Tagetes patula med talrike små blomstrar.
  • 'French': Hybridar og kultivarar av Tagetes patula. Om lag 5 cm breie blomsterkorger, der enkeltblomstrane i korga har lysare farge ytst.
  • 'Signet': Har Tagetes tenuifolia som stamform. Dei mange blomstrane er enkle og opptil 3 cm breidd. Blomstringa varar lenge.

Nokre artar[endre | endre wikiteksten]

Eit utval av artar med engelske namn der det eksisterer er lista opp nedanfor. Berre to av artane har offisielle norske namn, stankfløyelsblom og sprikefløyelsblom (fløyelsblom).

Tidlegare plassert i tagetes[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tagetes