Eittårig plante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei eittårig plante eller annuell er ei urteaktig plante som visnar og døyr etter sin første vekstsesong, og etter å ha spreidd frøa sine eller sporar for neste generasjons framvekst. Frøet kan ligge fleire år i jorda før det spirer, veks opp, blomstrar og sett frø. Det er somme plantar som gjennomfører to slike syklusar i løpet av ein sesong. Det er berre frøet som overvintrar.

Eittårige planter, spesielt grasarter, var viktige for utviklinga av jordbruket i Midtausten, fordi desse artane kravde at bonden aktivt samla inn, lagra og sidan sådde frøa dersom nye individ skulle førast vidare etter innhausting som avbraut den naturlege formeiringa. Eittårige arter som vill rug og kveite blei tidleg domestisert i Den fruktbare halvmåne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]