Taizhou i Jiangsu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Taizhou (gul) i Jiangsu

Taizhou (kinesisk skrift 泰州, pinyin Tàizhōu) er eit byprefektur sentralt i provinsen Jiangsu i Kina. Prefekturet har eit areal på 5 794 km² og 4 618 558 innbyggjarar i 2010. Av desse bur 571 516 i storbyen Taizhou, som ligg langs nordbreidda av Chang Jiang.

Byprefekturet Taizhou omfattar to distrikt (区 ) og fire byfylke (市 shì).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Taizhou har ei over 2 100 år lang historie. Byen har heile tida vore eit politisk, økonomisk, kulturelt og kommunikasjons-sentrum i sentrale Jiangsu. Marinen til Folkets frigjeringshær vart danna med utgangspunkt i Taizhou.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Taizhou har mange kornmøller og tekstilfabrikkar, stor produksjon av fiskegarn og andre næringar basert på lokalt landbruk.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 328 fører gjennom området, han går fra Nanjing via Yangzhou til Nantong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]