Nantong
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nantong (hanzi 南通, pinyin Nántōng) er eit byprefektur søraust i provinsen Jiangsu ved den kinesiske kysten mot Gulehavet. Byprefekturet har eit areal på 8 001 km2, folketalet vart i 2008 berekna til 7 737 900. Innanfor bygrensene budde 611 736 menneske. Prefekturet ligg på nordbreidda for utløpet av storelva Chang Jiang.
Nantong består av to bydistrikt, fire byfylke og to fylke.
Næringsliv [endre]
Nantong har eit næringsliv prega av landbruk. Bomulls- og særleg næringsmiddelindustrien sysselset mange. Mange arbeider i sjølve jordbuket. Elektronikkindustrien er stor, mellom anna finst i Nantong den største produsenten av elektrolysekondensatorar i Kina.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Nantong» frå Wikipedia på bokmål, den 29. mars 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Nantong» frå Wikipedia på tysk, den 29. mars 2011.