Yangzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
forenkla kinesisk 扬州
pinyin Yángzhōu
Frå Yangzhou.
Frå Yangzhou.
Styresmakter
Land
Provins
Folkerepublikken Kina
Jiangsu
Borgarmeister Xie Zhengyi
Geografi
Flatevidd
 - By

6658 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

4 590 000
  689,4/km²
Koordinatar 32°24′″N 119°25′″EKoordinatar: 32°24′″N 119°25′″E
Tidssone UTC + 8 (UTC+8)
Diverse anna
Bilnummer K
Nettstad: dt.gov.cn
Plassering
Plassering av  Yangzhou

Yangzhou er eit byprefektur i provinsen Jiangsu ved kysten til Kina mot Gulehavet. Folkesetnaden i prefekturet vert rekna til (2007) til 4,6 millionar. Byen ligg ved den store kanalen i Kina. Busetjing i Yangzhou lèt seg beleggje så tidleg som 400 år før Kristus. Byen er eit leiande økonomisk og kulturelt senter i området.

Prefekturet ligg på nordbreidda av Yangtze. Det grensar til Nanjing i sørvest, Huai'an i nord, Yancheng i nordaust, Taizhou i aust og over elva i sør ligg Zhenjiang. I vest har prefekturet òg ei kort grense mot provinsen Anhui.

Administrative einingar[endre | endre wikiteksten]

Yangzhou består av tre bydistrikt, éit fylke og tre byfylke:

  • Bydistriktet Guangling (广陵区), 69 km², 310 000 innbyggjarar, regjeringssete;
  • Bydistriktet Weiyang (维扬区), 87 km², 280.000 innbyggjarar;
  • Bydistriktet Hanjiang (邗江区), 824 km², 550.000 innbyggjarar;
  • Fylket Baoying (宝应县), 1 461 km², 920 000 innbyggjarar;
  • Byfylket Yizheng (仪征市), 901 km², 590 000 innbyggjarar;
  • Byfylket Jiangdu (江都市), 1 330 km², 1,06 mill. innbyggjarar;
  • Byfylket Gaoyou (高邮市), 1 962 km², 830 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fempaviljongbrua i ein av dei store hagane i Yangzhou.

Historia til Yangzhou går tilbake til Vår- og haustannaltida då byen heitte Guangling 廣陵. Rundt år 590 e.Kr vart namnet endra til Yangzhou, som eigenleg var eit områdenamn for eit stort omliggande område.

Plasseringa ved Yangtze og Keisarkanalen gjorde byen til eit leiande kulturelt og økonomisk senter og ei viktig hamn for utanrikshandelen frå Tang-dynastiet si tid (618-907).

Yangzhou er landskjent for dei tre hagane Shouxihu Gongyuan, Ge Yuan og He Yuan. Dei stamma alle tre frå Tang-dynastiet si tid og er eit ynda turistmål på grunn av den klassiske stilen sin. Utanfor Kina er særleg mange japanarar tiltrekt av byen, for grunnleggjaren av den japanske buddhismen, munken Daming Si, kom frå eit kloster ikkje langt utanfor den gamle bygrensa. Ein kan sjå japansk innverknad gjere seg gjeldande i tre av byen sin pagoder; dei er gåver frå Japan og gjenspeglar japansk byggestil.

Byen var eit kort tid hovudstad for kongedømet Wu under Dei fem dynastia og tida til dei ti kongedøma.

Frå 900-talet til 1300-talet var byen ein kulturell høgborg og mange av dei fremste kinesiske diktarane i tida og kunstnarar budde her. Ein kan òg nemne dei åtte eksentrikarane frå Yangzhou, ei gruppe målarar som budde her, skjønt noko seinare enn då byen hadde gullalderen sin.

Av kulturhistorisk tyding er dei godt verna islamske gravene frå Song-dynastiet si tid, nede ved breidda av Chang Jiang.

Marco Polo skal ha tenestegjort her under den mongolske keisaren Kublai Khan frå rundt 1282 til 1287. Sjølv om nokre versjonar av Polo sin memoarar gjer det nærliggande å tru at han var guvernør der, er det meir rimeleg å tru at han hadde eit oppdrag knytt til saltutvinninga. Førestillinga om at Marco Polo skal ha vore guvernør i byen skuldast truleg ei mistyding i eit gammalt manuskript. Der det skulle ha stått sejourna (oppheldt seg) var det vorte til gouverna (var guvernør).

Gravsteinen til Katarina Vilioni frå 1342.

Oppdaginga av ein gravstein frå 1342 for ein Katarina Vilioni, medlem av ein italiensk handelsfamilie i Yangzhou vitna om at byen hadde eit påviseleg innslag av italienske handelsfolk på 1300-talet. Det var under Ming-dynastiet (1368-1644) at byen fekk den noverande strukturen sin og sine ni kilometer lange bymurar.

Yangzhou var åstad for ein ti dagar lang massakre i 1645 då styrkane til Qing-erobrarane under general Dodo rykte fram. Massakren er skildra i Yangzhou shiri ji av Wang Xiuchu.

Fram til 1800-talet var Yangzhou eit viktig senter for salthandelen (som var eit statsmonopol), ris og silke.

Yangzhouopptøyane i 1868 var ei hending med stor tyding for anglokinesiske relasjonar og leia nestan til krig.[1] Krisa var nørt opp under av mandarinar i byen som var motstandarar av den protestantiske misjonen som gjekk for seg der. Det kom til opptøyar då ei rasande mengd på 8 000-10 000 kinesarar gjekk til åtak på hovudkvarteret til det britiske China Inland Mission i Yangzhou. Dei plyndra, brann og gjekk til åtak på misjonærane under leiing av Hudson Taylor. Ingen misjonærar vart drepe, men fleire vart skadd då dei måtte flykte for livet. Då han fekk melding om opptoga førte den britiske konsulen i Shanghai, Sir Walter Henry Medhurst med seg sytti Royal Marines i ein «Man of war» og dampa opp Yangtzefloden til Nanjing som ein styrkedemonstrasjon. Det enda med at den kinesiske visekongen der, Zeng Guofan, kom med ein årsaking og betalte skadeserstatning til dei skadde misjonærane.

Frå Taipingopprøret si tid (1853) til den kommunistiske maktovertakinga (1949) sokk Yangzhou hen som følgje av krigsskadar og dårleg vedlikehald av Keisarkanalen på ei tid då jernbanetransport overtok meir og meir. Men seinare er kanalen vorte sett i stand igjen og Yangzhou har igjen vorte viktigare. Byen har så utvikla nokre nye industriar, særleg bomull og tekstil. Først i 2004 fekk Yangzhou direkte jernbanesamband med Nanjing.

Den tidlegare tidlegare presidenten i Kina, Jiang Zemin, var fødd og oppvakse i Yangzhou.

Yangzhou er kjend for sine lakkarbeid og jadefigurar.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 328 i provinsen Jiangsu går frå Nanjing via blant anna Yangzhou til Nantong.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Austin (2007), s. 129

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Yangzhou