Talmúd bablí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bokhylle med fullt sett av Talmúd bablí.
Foto: Olve Utne

Talmúd bablí eller Talmúd bavlí, òg kalla Den babylonske Talmúd, Bavli eller rett og slett Talmúd, er eit kommentarverk til Misjná som vart redigert i det noverande Irak kring år 550, men utvida vidare fram til kring 700. Talmúd bablí spreidde seg fort i mizrahiske, sefardiske og askenasiske krinsar og var frå 1000-talet av sett på som den normative kjelda til den munnlege Toráen i dei fleste retningar av jødedommen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til Talmúd jerusjalmí, så inneheld ikkje Talmúd bablí kommentarar til Séder Zera‘ím (landbrukslovene) anna enn til den eine massékheten (traktaten) Berakhót, som handlar om bøner og velsigningar. Dette kjem av at det eksiljødiske samfunnet i Irak var mykje meir urbant orientert enn det på den tida framleis eksisterande agrarsamfunnet i Israel.

To sedarím som derimot blir inngåande handsama i Talmúd bablí er Séder Tahorót og Séder Kodashím. Båe desse skildrar tilhøve som først og fremst har med Tempelet i Jerusalem å gjera — eit emne som etter at Tempelet fall i år 70 ikkje var så aktuelt lenger i det krigsherja jordbrukssamfunnet i Israel, men som urbane jødar i det på den tida mykje fredelegare og meir velståande Irak kunne taka seg tid til å handsame.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Talmúd bablí er i hovudsak skrive på aust-arameisk med innslag av hebraisk.

Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.