Siddúr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bruk av siddur.
Foto: צבי הרדוף

Siddúr (hebraisk סִדּוּר el. ִסִידּוּר) er ei jødisk bønebok for kvardagar og/eller sjabbát. Ein siddúr inneheld ofte òg bøner for dei tre valfartsfestane pesah (påske), sjabu‘ót (pinse) og sukkót (lauvhyttefesten). Ei bønebok for spesielle helgedagar blir gjerne kalla mahzór.

Ulike etniske retningar av jødedommen, som sefardisk jødedom og askenasisk jødedom, har ulik utforming av sine siddurím.