Talmúd jerusjalmí

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Talmúd jerusjalmí, òg kalla Den jerusalemske Talmud, Talmúd Eres Jisraelí, Den israelske Talmúd og Den palestinske Talmud, er eit kommentarverk til Misjná som vart samla og redigert kring år 350 i Galilea i det historiske Israel (den daverande romerske provinsen Palæstina). Talmúd jerusjalmí skil seg ut frå Talmúd bablí ved vektleggjinga av landbrukslovene, ved ei noko mindre stoffmengd alt i alt, ved den ofte svært kortfatta uttrykksmåten og ved ei meir ufullstendig overlevering.

Talmúd jerusjalmí har vorte noko mindre studert enn Talmúd bablí og har av dei fleste rabbinske autoritetar blitt rekna som noko mindre viktig — men særleg blant romaniotes (greske jødar) har Talmúd jerusjalmí vorte inngåande studert. Blant rabbinske autoritetar frå andre tradisjonar som har lagt stor vekt på Talmúd jerusjalmí kan først og fremst nemnast den sefardiske filosofen Moses Maimonides.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Talmúd jerusjalmí inneheld, i motsetnad til Talmúd bablí, kommentarar til alle massekhtót (traktatar) av Séder Zera‘ím. Med unntak av Massékhet Berakhót, som handlar om velsigningar og bøner, handlar Séder Zeraím om landbrukslover — noko som var svært sentralt i det tradisjonelle agrarsamfunnet i Israel. Derimot har Jerusjalmí berre éin massékhet av heile Séder Tahorót, som handlar om rituell reinskap. Séder Kodasjím, som handlar om Tempelet i Jerusalem er heilt fråverande frå Jerusjalmí; truleg har dei urolege forholda i Israel ført til at ein ikkje kunne taka seg tid til å skrive om ting som ikkje var direkte nyttige i kvardagen etter at Tempelet fall i år 70.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Jerusjalmí er skrive på ei blanding av hebraisk og sterkt hebraisk-farga vest-arameisk.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne jødedomsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.