Tami Kiuru

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tami Kiuru i 2005

Tami Petri Antero Kiuru (fødd 13. september 1976) er ein finsk, tidlegare skihoppar frå Vanda. Han vann bronsemedaljen under VM i skiflyging 2004. Kiuru vart verdsmeister med Finlands lag i ski-VM 2003, og vann i åra 2004-06 heile fire sølvmedaljar i ulike tevlingar i verdsmeisterskap og olympiske leikar.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Frå 1999 deltok Kiuru fram til og med 2002 kvar sesong i ein del renn i verdscupen i skihopping, men oppnådde få gode resultat. I 2003 fekk han plass i den finske troppen til VM i Val di Fiemme. I meisterskapen vart det gullmedalje i laghopp for dei fire skihopparane som representerte Finland; Janne Ahonen, Kiuru, Arttu Lappi og Matti Hautamäki. Tre veker etter Kiuru vart verdsmeister kom han i Lahti for fyrste gong på pallen i eit verdscuprenn, eit renn der Adam Malysz frå Polen gjekk til topps.

Kiuru vann sin einaste verdscupsiger då han i desember 2003 hoppa 136 meter i Titisee-Neustadt, det klart lengste hoppet i ei tevling som vart avvikla over berre ein omgang. Seinare i 2004-sesongen kom han på tredjeplass i VM i skiflyging i Planica, like bak landsmannen Janne Ahonen, norske Roar Ljøkelsøy vart verdsmeister. Dagen etter den individuelle tevlinga vart det sølvmedaljar for det finske firemannslaget, berre slått av Noregs fire utvalde.

Under VM på ski i 2005 i Oberstdorf var Kiuru med på det finske laget som tok sølv i laghopp i storbakken, knapt 15 poeng bakom verdsmeisterlaget frå Austerrike. I olympiaåret 2006 fekk Kiuru med seg to sølvmedaljar i laghopping, fyrst vart det VM-sølv på Finland bakom Noreg i skiflygingsmeisterskapen i Bad Mitterndorf i januar, og i februar vart det ein OL-sølv bakom Austerrike i hoppbakken under vinter-OL 2006 i Torino.

Etter 2006 klarte ikkje Kiuru å hevde seg i verdscuprenn og han la bort hoppskia i 2009.

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]